Hopp til innhold

- Eg såg raset kome

Bussjåfør Anne Kvellestad Klakegg var den andre som kom til rasstaden på E39 i dag.

Anne Kvellestad Klakegg

Anne Kvellestad Klakegg

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Ho køyrde ei arbeidsrute då ho kom til rasstaden på E39 mellom Ålhus og Bjørset i Jølster i dag tidleg kl. 06.30 .

Ras i Jølster
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Såg røykskya

- Eg kom rundt svingen og såg røykskya kome nedover. Eg forstod at noko ikkje stemte. Eg forstod at det måtte vere eit ras, for det var ikkje nokon grunn til at det skulle vere tåke i dag. Då eg runda svingen såg eg småstein kome nedover.

Anne Kvellestad Klakegg fortel at bilen framfor ho rygga tilbake. Dei varsla politiet, men ho fekk klarsignal til å køyre forbi.

- Steinane tok opp under bussen, og eg måtte over i motsett køyrefelt for å kome forbi.

Småsteinar var spreidd utover eit område på 50-60 m.

- Eg vil arrestere vegvesenet litt på det dei sa tidlegare i dag. Steinen losna ikkje i kanten av vegen, men mykje høgare opp i fjellsida.

Alltid ein fare

Ho fortel at det er ein veldig usikker plass. Slike stader er alltid utsette for ras. Bussjåføren køyrer forbi staden fire-fem gonger kvar dag, og ho seier at ho ikkje kan tillate seg å vere redd og utrygg.

- Men eg passar på å sjå etter om det er rørsle, eller røyk.

- Eg ser heile tida opp, gløttar opp på stader der eg veit at det er rasfare. Og prøver å ta førehandsreglar når eg kan det. I alle fall dei dagane der det er mogeleg på grunn av veret. Men faren er der alltid.

Sonen teken av ras før

Bussjåføren har dårlege erfaringar med steinras frå tidlegare.

-Eg sjølv har ikkje vore så nær eit ras før. Men eg har vel fått den dårlege erfaringa ein kan ha.

For fem år sidan opplevde ho nemleg at bilen sonen hennar sat i vart treft av eit steinras ved Kjøsnesfjorden i Jølster.

- Sonen min vart teken av eit større steinras litt før jul for fem år sidan. Han mista begge beina.

-Korleis er det for deg å køyre på slike rasfarlege vegar?

- Det er klart at ligg der, når ein har opplevd det så nært. Du vil ha uroa i kroppen heile tida. Men ein kan ikkje vere redd heile tida, då må ein slutte å leve, og det går ikkje, seier Anne Kvellestad Klakegg