Då kommunelegen frå Seljord skulle forklare seg spurte dommar Steinar Velle om korleis det var med teieplikt, og om ho kunne forklare seg. Aktor svarte at sidan det var foreldra som ynskte dette, så var det greitt.
Då sa forsvararen at ho ikkje kunne fråskrive seg teieplikta utan løyve frå departementet. Men både dommar og aktor meinte at forsvarar tok feil. Forsvarar Herman Hoff bad om at dette vart rapportert i ettertid. Til NRK seier han at det berre var formelle årsaker til at han ville stogge forklaringa.
Swensen har vore fastlekjar for Hedda og familien på heimstaden, og ho fortel også at ho kjente familien.
- Det er ei lita bygd, sa ho.
- Bygda stod stille
- Eg var alltid fascinert over Hedda. Både som mor til ei av dei andre jentene i bygda, men også som menneskje.
Kommunelegen fortalte i sitt vitneavhøyr i dag om hennar forhold til Hedda. Ho snakka om korleis bygda har vore i sjokk etter det som hende, og om gravferdsdagen då heile bygda stod stille.
- Ingen kan forstå omfanget av ei slik hending før ein opplever det på kroppen. I mi tid som profesjonell lege, trur eg ikkje eg har opplevd noko som har vore så vanskeleg, sa kommunelegen.
- Livsvarig sorg
- For foreldra har det vore tungt med eit offentleg blikk på seg i tillegg til drapet av dottera, sa Swensen.
Også for legen har det vore ei tøff tid.
- Eg ser framleis for meg den lyse aktive jenta, sa kommunelegen.
For fyrste gong stilte også bistandsadvokaten spørsmål i retten i dag.
- Du er dømd til ein livsvarig sorg når slike ting skjer i livet ditt, sa kommunelege Elisabeth Swensen.