Hopp til innhold

- Diskuterer skatteinntektsordninga

Statssekretær i Kommunaldepartementet Dag-Henrik Sandbakken innrømmer at regjeringa har eit dilemma.

Dag-Henrik Sandbakken
Foto: Nancy Bundt

Politisk redaktør i Kyrre Nakkim seier at kommuneøkonomien som ein gong var ei vinnarsak for regjeringa, no er blitt ei taparsak.

Skal stimulere til skatteinntekter

Sandbakken seier systemet er slik at det skal vere ein samanheng mellom lokalt skattegrunnlag og den økonomien kommunen har. Slik skal kommunane bli motivert til å skaffe seg eit høgare skattegrunnlag.

- Det er sjølvsagt diskutert om denne ordninga fungerer, i kva grad den påverker kommunen sin innsats for å skaffe arbeidsplassar og dermed skatteinntekter, vedgår statsråden.

- Utgiftene har vekse, alle slit.

- Sjølv om regjeringa overførte mykje i 2007 og 2008 så viser det seg at kommunane ikkje har nok pengar i år heller når budsjetta planleggast, seier Kyrre Nakkim.

- Det er fordi utgiftene har vekse så mykje at alle kommunar i Norge slit no. Det som ein gong var ei vinnarsak for regjeringa, har no blitt ei taparsak.

Større pott er løysinga

Nakkim trur at når kommuneøkonomiproposisjonen kjem i mai, må regjeringa legge nye pengar på bordet. Men han trur ikkje dette vil vere på langt nær så mykje som KS i Sogn og Fjordane krev.

Les og: Til kamp mot regjeringa

- Dersom ein håper på betre tider i Sogn og Fjordane, så må ein satse på at potten for alle blir såpass mykje større at det verkeleg monnar.