NRK Meny
Normal

- Det var berre dumt av meg

Jon Terje Tjellaug såg bokstaveleg tala raudt då Hallgeir Sandal takla han minuttet før pause i oppgjeret mellom Stryn og Kaupanger.

- Eg blir provosert av ei hard takling, reiser meg og er oppe med hendene. At spelaren går i bakken får han stå for, men eg får raudt kort, seier Tjellaug, som er spelande trenar for Stryn.

- Det er berre dumt

- Hendene er der oppe, og då er det raudt kort. Utvisninga er det ingenting å seie på. Det er berre dumt gjort av meg. Det er ikkje slik den eldste og mest rutinerte spelaren skal gjere, seier han. Utvisninga er hans andre i karriera.

SJÅ: Fakta frå alle kampane

- Eg fekk meg ein smell i taklinga og hadde nok ikkje kunne halde fram uansett. Men vi hadde i alle høve hatt 11 mann på bana, seier han.

- Har kontroll

Dermed måtte den tidlegare Førde-spelaren ta ein tidleg dusj og sjå disiplane sine rote vekk det som såg ut som tre trygge poeng. Stryn var i føringa gjennom heile oppgjeret, og leia 3-2 ved 90 minutt. I tilleggstida går alt gale og Kaupanger scorar to mål.

- Vi har god kontroll, men så skjer det som plar skje. Vi har ikkje ryggmarg til å vere kyniske når vi skal vere kyniske. I tillegg gjer vi feil val, seier han.

- Ikkje avgjerande

Tjellaug trur ikkje det raude kortet er avgjerande for kampen.

- Vi leverer ein dårleg første omgang og legg om frå 4-3-3 til 4-4-1 i andre. Då skaper vi både trykk og sjansar. Gutane står fram ein etter ein og leverer ein kanonkamp etter pause. Vi skaper nok sjansar til å vinne kampen, og slepp ikkje Kaupanger til sjansar før i det 91. minuttet. Men då scorar dei til gjengjeld to mål, resignerer Tjellaug.

Letta tomålsscorar

Kristian Fardal Opseth fann to gonger vegen til nettmaskene, og var mannen bak sigersmålet.

- Det var deilig å sjå ballen gå i mål. Då var eg glad. Eg har hatt nokre tunge kampar i det siste, så det var godt å score att, seier spelaren som i fjor scora 24 mål i 3. divisjon.

- Vi var med

Sjølv tykkjer Fardal Opseth Kaupanger var godt med i kampen og heidrar lagkameratane for lagsigeren.

- Vi hadde mykje bra spel og var godt med i første omgang. No er vi på gang, seier han, letta over at Kaupanger tok årets første poeng i 3. divisjon.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.