- Det er rett og slett farleg

Folk som skal ut å køyre i morgontimane må ikkje la seg lure av svart asfalt. Det er oppmodinga frå mjølkebilsjåføren i Askvoll.

Glatt veg

GLATT: Tysdag morgon blir det meldt om glatte vegar fleire stader i fylket, og vekslande føreforhold.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det er rett og slett farleg enkelte plassar. Du køyrer frå noko som er og ser ut som våt asfalt, men så er det blank og våt is, seier Einar Ask.

Som mjølkebilsjåfør i Askvoll har han allereie vore på vegen i fleire timar. Trass i at han brukar å rekne god tid når han legg ut på mjølkeruta, så har det vanskelege føret tysdag gjort at han ligg etter skjema.

Vegtrafikksentralen har til no ikkje fått meldingar om spesielle utfordringar på vegane, men operatør Jan Erikstad ser ikkje vekk ifrå at meldingane kjem tikkande inn etter kvart som det blir fleire bilar på vegen.

– Det er meldt om at det er frose på vegen i ytre delar av Hordaland, og det vil vel mogleg vere slik her også.

Vinterføre i Sogndalsdalen

SNØ: I Sogndalsdalen blir det tysdag morgon meldt om snøføre og sju minusgrader.

Foto: NRK-tipsar

Vegvesenet si oversikt over vegane i fylket syner at det er særs vekslande forhold på vegane. Fleire stader er det slaps eller snø- og isdekke, medan det andre stader igjen er meldt om berre vegar.

– Eg har køyrt frå Askvoll og skal til Fure. No har eg brukt ein time meir enn eg plar å gjere. Eg plar å ha litt tid å gå på, men i dag har eg brukt opp den og mykje meir, fortel Ask.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.