Hopp til innhold

- Det er ei skam

- Eg syns det er ei skam, seier Høgre sin fyrstekandidat til stortingsvalet, Bjørn Lødemel. Han vil ha løyvingar for å få i gang senter for Livsmestring i Jølster.

Bjørn Lødemel
Foto: Jostein Nyfløtt / NRK

Senter for Livsmeistring i Jølster får ikkje svar frå regjeringa på søknaden om mildar til eit fem-årig prosjekt, skreiv Bergens Tidende torsdag. Eit tilsvarande tilbod i Sør-Trøndelag har allereie fått pengar, men i Jølster ventar dei framleis.

- Det er eit klart behov for desse tenestene, og dei som vil drive er godt skikka til det. Eg syns det er forferdeleg trasig at dei ikkje kjem i gang på Skei, seier Lødemel.

- Alt er på plass

Han meiner det er den raud-grøne regjeringa som har ein allergi mot alt som er privat, og at det er difor senteret i Jølster ikkje får støtte.

Stiftelsen Bergen Diakonissehjem eig senteret, og søkte i juni om pilotstatus innanfor den nye helsereforma. Søknaden var på 18 millionar kroner fyrste året, og 32 millionar kroner etter tre år.

Direktør Terje Steen Edvardsen i Stiftelsen Bergen Diakonissehjem håper det skal vere mogleg å få pengar, sidan helseminister Bjarne Håkon Hanssen har funne pengar til tilbodet i sør-Trøndelag.

Bjørn Lødemel er samd, og trur pengane må kome på plass for å få i gang senteret.

- Her har dei lokale, og alt er på plass. Her er det berre til å starte opp, seier han.

- Godt døme på samarbeid

- Me i Høgre var å besøkte senteret for eit år sidan, og me er veldig positive til det me såg då. Eg syns det er ei skam at dei ikkje har kome i gang allereie for lenge sidan.

Lødemel meiner dette er eit godt døme på at private organisasjonar kan samarbeide med det offentlege om denne typen tilbod.

- Så eg tykkjer det er ei skam at dei ikkje får svar, og ei minst like stor skam at dei ikkje får eit positivt svar, meiner han.