NRK Meny
Normal

- Den beste kampen vi har spelt

Etter ein tung start på sesongen har det no losna for Høyang.

Laurdag vann laget 4-1 over Stryn på Sletta stadion.

- Vi presterte veldig bra i første omgang. Dette er den beste kampen vi har spelt denne sesongen. Vi skapte mange sjansar og spelte veldig flott fotball, seier Høyang-trenar Terje Fjæren.

Då laga gjekk til pause var stillinga 3-0. Fjæren seier at 2. omgang vart jamnare.

- Stryn reduserte, og begge lag hadde fleire sjansar. Men det var veldig varmt og spelarane vart slitne. Då vi gjekk opp til 4-1 var kampen avgjort.

Fjæren er nøgd med laget etter dagens kamp.

- Vi er veldig nøgde i dag etter ein tung start på sesongen. Eg føler vi er på rett veg og vi ser lyst på det framover.

Les også: 31 mål på fem kampar

Kampfakta:

Kampstart kl 14.00, Sletta stadion

Kampen har starta

7. minutt: 1-0 ved Kristoffer Håland Iversen

44. minutt: 2-0 ved Sjur Gjeraker

45. minutt 3-0 ved Thomas Frichsen

Pause

2. omgang er i gang

63. minutt: 3-1 ved Frank Hool

85. minutt: 4-1 ved Thomas Frichsen

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.