Hopp til innhold

- Dei var berre fem meter frå oss

Dei to venninnene naut sola på bryggjekanten då dei fekk seg eit minne som vil vare livet ut. – Plutseleg var det ein heil flokk spekkhoggarar berre nokre meter frå oss.

Spekkhoggar i Vadheimsfjorden

KOSA SEG: Spekkhoggarane såg ut til å kose seg i finvêret. Dei to jentene vart først så forfjamsa at dei gløymde at dei kunne ta bilete, men då spekkhoggarane var på veg vekk fekk dei teke eit bilete som foreviga minnet.

Foto: Talia Indrebø Mellebye/Therese Birkås Sleire

Det var laurdag føremiddag at Talia Indrebø Mellebye (14) og Therese Birkås Sleire (14) oppdaga spekkhoggarane i fjorden ved Vadheim. Dei to hadde bestemt seg for å nyte det fine vårvêret til det fulle, men fekk plutseleg sjå noko dei aldri før hadde sett.

– Det var heilt utruleg. Vi stod på bryggja, og så plutseleg var dei berre nokre meter uti fjorden, fortel Indrebø Mellebye.

Talia Indrebø Mellebye og Therese Birkås Sleire

Ho fortel at dei først vart heilt sjokka av synet. Dei to hadde tulla litt med at dei kanskje skulle sjå om dei kunne sjå nokre niser i fjorden, men då dei plutseleg oppdaga nokre langt større ute i fjorden var det langt ifrå venta.

– Det var jo nesten som nokre store monster som kom opp av vatnet, fortel dei.

Dei store dyra verka å kose seg i finvêret og var ganske tett opp mot land. Jentene fortel at dei såg kanskje sju-åtte stykke.

– Vi var heilt i hundre og var heilt over oss av begeistring, vedgår dei.

Etter ei stund byrja flokken av spekkhoggarar å flytte seg utover i fjorden att. Vadheimsfjorden er ein fjordarm av Sognefjorden og flokken har med eit besøk her kome ganske langt innover i landet.

– Vi har aldri sett noko slikt før. Det var eit veldig fint syn og noko vi aldri gløymer, seier dei to venninnene.