Det Renate Vik ikkje visste då ho ringde, var at det fanst tannlegar i kommunen hennar som kunne kontaktast heime. Vik meiner derfor tannlegane har eit informasjonsproblem.
På tannlegejakt
Det var ein vond, og stadig vondare visdomsjeksel som sende Renate Vik ut på tannlegejakt laurdag, skriv Sogn Avis. Vik ringde alle tannlegane i Sogn utan å få hjelp, og på sjukehusa stadfesta dei at fylket var reinska for tannlegar på grunn av ferien.
Reiste til Bergen
Til slutt reiste Vik til Bergen, der ho fekk vite at det ikkje var noko å gjere før betennelsen i kjeven hadde lagt seg. Vik visste ikkje at ho kunne fått hjelp der ho bur, av private tannlegar.
For både tannlege Morten Bøthun i Sogndal og far hans, som òg er tannlege, var tilgjengelege i heimen den aktuelle laurdagen. Men det var ikkje så lett å finne ut av, for ein meir eller mindre desperat pasient.
- Lei for opplevinga
Direktør for tannhelsetenesta i Sogn og Fjordane, Gjertrud Bøe er lei for Vik si oppleving. Men ei telefonvaktordning i helgane blir det ikkje med det første. For Renate Vik hadde fyldig informasjon på ein telefonsvarar om kvar ein kan ringe for akutthjelp vore nok.