I intervjuet i bladet Kapital seier Lefdal si hjartans meining om prosjektet.
Fjaler-ordførar og bruforkjempar Arve Helle er provosert:
– Typisk
– Dette er dessverre veldig typisk Lars Lefdal. Han held fram sitt korstog mot Dalsfjordsambandet, slik han har gjort heile vegen både som politikar og seinare som vegsjef. Så det var ikkje noko stor overrasking dette, men like fullt blir eg mektig oppgitt over denne typen utsegner, seier Helle.
I intervjuet seier Lefdal mellom anna at det var ei klok avgjerd å innstille arbeidet i 1981. – Det er mange andre vegar som er viktigare å utbetre enn å satse mange hundre millionar på noko heilt nytt. Til dømes kryr det av rasfarlege strekningar som det er viktigare å få i orden, seier Lefdal til Kapital. Han seier seg rett sitert, og finn ikkje grunn til å dramatisere dei synspunkta han er attgjeven på.
– Ikkje noko nytt
– Eg har jo ikkje sagt noko nytt eller oppsiktsvekkande når eg har svart på dei spørsmåla dei har stilt meg. Eg har svart det same som eg har sagt alltid, og ikkje minst i dei åra eg var vegsjef.
Lars Lefdal har takka for seg som vegsjef, men han har framleis ei stilling som embetsmann i Vegdirektoratet. Og dette får Fjaler-ordførar Arve Helle til å ta fram endå meir skyts.
Ti år
– Eg synest det er total mangel på respekt for dei politikarane som har sett opp prioriteringslistene der Dalsfjordsambandet er nummer ein på nyanlegg i Sogn og Fjordane, seier Helle.
Men då kan det kanskje vere ei lita trøyst at Lars Lefdal trur at Dalsfjordbrua ein dag vil stå der:
– Det trur eg det vil, men kor tid det kjem er eit meir ope spørsmål. Dei næraste ti åra trur eg ein må bruke dei midlane ein får til å rassikre og ruste opp det eksisterande vegnettet, seier Lefdal.