Han meiner kommunane må setje krav til kraftutbyggjarane, slik at framtida i distriktsnorge blir sikra:
- Det er veldig viktig å vere tøff, og få mest mogleg ut av utbyggjar, seier han.
- Krev meir
Og det får ikkje vestlendingane til, ifølgje Aarebrot. Austlendingane er mykje meir interesserte i å byggje ut vindkraft i Sogn og Fjordane enn kva dei lokale selskapa er, skriv avisa Firda.
Og når kraftutbyggjarar kjem over fjellet for å finne godt eigna kraftområde, viser kommunar i vest seg fram som elendige forhandlarar, meiner Aarebrot:
- Det er dumt av eit kommunestyre og vere så besnert, at dei får nokre ekstra pengar i kassen, viss all straumen går ut av kommunen. Dei burde krevje noko meir enn berre kraftverket.
Kan halde på ungdomen
For å få verdiar til bygda bør kommunane setje krav om at dei skal ha igjen arbeidsplassar for ei utbygging. Og då er berre kompetansearbeidsplassar godt nok.
- Då vil ein oppnå mykje meir, og ein vil auke sannsynlegheita for at ein greier å skaffe ungdommen jobb i bygda i samsvar med den utdanninga dei har skaffa seg utanfor bygda, seier Aarebrot.
Aarebrot viser til Høyanger og Årdal, der utbygging av vasskrafta førte til mange arbeidsplassar i aluminiumsindustrien. Den gongen var linenettet avgrensa, og industrien måtte byggjast opp i nærleiken av kraftverket.
- Bli som Årdal
No er linenettet betre, og dermed blir hovudkontoret ofte lagt til meir sentrale strøk. Men slike kontor kan like gjerne liggje i Sogn og Fjordane.
- Dei nye vindkraftkommunane må lære av det, og prøve å bli små "årdalar".
For så lengje kommunane ikkje tenkjer på framtida, men blir blenda av millionane dei får inn når dei sel krafta si, er det lite håp for kommunen:
- Du kan få så mykje kommunepengar du vil i kommunekassen, viss ikkje du snur utflyttingstrenden. Det hjelper jo ikkje om dei siste fem ugifte ungkarane i ein liten bygd på Vestlandet er milliardærar fordi kommunekassen er full av kraftpengar. Du må sørgje for å få kompetansearbeidsplassar i tillegg til kraftpengane.