Hopp til innhold

- Beredskapsplanar må på plass

Helsetilsynet i Sogn og Fjordane vil følgje opp kommunane i fylket som manglar beredskapsplanar for straumstans ved sjukeheimane.

Per Stensland

FØLGJER OPP: Fylkeslege Per Stensland seier dei vil følgje opp kommunane som ikkje har beredskapsplan.

Foto: Privat

- Dette må dei få på plass, og det er også kommunane klar over, seier fylkeslege Per Stensland.

Fryktar for liv og helse

Sidan 2001 har det vore krav om at kommunane skal ha beredskapsplanar for straumstand ved sjukeheimar.

Men fem kommunar i Sogn og Fjordane bryt norsk lov ved at dei verken har naudaggregat ved sjukeheimen, eller beredskapsplan for korleis dei skal takle eit straumbrot.

Dette kjem fram i ei undersøking gjort av fylkesmannen.

Fylkesberedskapssjef Håvard Stensvand fryktar det kan gå utover helsa til dei som bur på sjukeheimane.

- På ein alders- og sjukeheim kan det vere mange pasientar er avhengige av avansert medisinteknisk utstyr. Det seier seg sjølv av dersom straumen ver vekke lenge, kan det vere til fare for liv og helse, seier Stensvand til NRK.no.

Kommunane får frist

Helsetilsynet vil no følgje opp kommunane som ikkje har beredskapsplanar, og vil gje dei konkrete fristar på å få desse på plass.

Seinast onsdag arrangerte dei møte med kommunane om beredskapsplanlegging.

- Det er for mange kommunar som ikkje har desse planane klar, men mange arbeider no med å få til ein slik plan, seier Stensland.

- Men når kommunane ikkje har klart å oppfylle dette kravet i løpet av dei ti åra forskrifta har vore gjeldande, har ikkje de også svikta som tilsynsmyndigheit?

- Ja, det kan du spørje om. Det har vore ein dialog mellom fylkesmannen og kommunane i denne saka. Nokon kommunar har tatt det raskare enn andre. Vårt inntrykk er at kommunen er i ferd med å gjere noko med dette, seier Stensland.