Hopp til innhold

- Bankane må risikere meir

- Bankane og Innovasjon Norge er altfor lite viljuge til å støtte verksemder som torer å tenkje nytt, seier Lena Søderholm, som jobbar med fiskeri og havbruk i fylkeskommunen.

Sparebanken Sogn og Fjordane sitt hovudkontor i Førde.
Foto: Øystein Windstad / NRK

Ho etterlyser no risikokapital til storsatsing på nye oppdrettsartar.

- Til startfasen har Innovasjon Norge ein god del verkemiddel. Det er fasen som fylgjer etter som er kinkig for mange gründerar.

Storsatsing på nye fiskeartar

Vestlandsrådet, som er eit samarbeidsprosjekt mellom dei fire fylkeskommunane Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, er i gang med ei storsatsning rundt oppdrett av nye fiskeartar. Lena Søderholm meiner bankane er for passive i den krevjande utviklingsfasen nytenkande oppdrettarar må gjennom.

- Går inn når suksessen er nær

- Dei har ikkje vore viljuge til å ta mykje risiko. Bankane går inn på enkelte felt, og når dei ser at kommersialiseringa nærmar seg ein suksess og at dette kan vere liv laga. Men då har bedriftene kanskje hatt ein god del år der dei har slite økonomisk, samstundes som dei jobbar og jobbar for å betre teknologien og prosessen og produksjonen.

- Heilt avgjerande

- Det er heilt avgjerande når det er lite privat risikovillig kapital at vi har bankar som er viljuge til å gå inn i prosjekt med noko høgare risiko, meiner Søderholm.

- Kommersialiseringsfasen kan vere ganske lang, og der finst det ikkje gode finansieringsordningar. Privat kapital har det vore tørke på dei siste åra.

Avviser kritikken

Direktør i Innovasjon Norge, Halvor Flatland, meiner Innovasjon Norge har vore aktive innan oppdrett.

- Vi bistår aktørar som har drive med opprett over lengre tid. Men når vi har vore med i ein oppstart, og ting ikkje går bra økonomisk, så kan ikkje vi subsidiere vidare drift i selskapet.