I dag skal UDI og kommunen møte alle flyktningane. Stegne seier flyktningane blir uglesett. Difor deltek UDI saman med flyktningekonsulent og folk frå kommunen på møtet i dag, som alle flyktningar og asylsøkjarar vert invitert til.
Negativ merksemd
For etter at det vart kjent at det var ein mann frå Somalia som var etterlyst som vitne i drapssaka, har heile det afrikanske miljøet kome i fokus. Mange av dei har dårlege norskkunnskapar, og har difor ikkje fått med seg saka. Samstundes blir mange av dei gjenstand for negativ merksemd på gata.
Ordførar Karen Marie Hjelmeseter. (Foto: NRK)
Uro blant asylsøkjarane
Ordførar i Sogndal, Karen Marie Hjelmeseter, seier det er lett å gløyme flyktningane sine behov. Ho har teke initiativ til møtet etter at asylmottaket registrerte uro blant blant asylsøkjarane.
Hjelmeseter seier at kommunen først prioriterte å ta seg av skuleelevane, og at no er det dei afrikanske asylsøkjarane sin tur. Seinare kan det bli ei anna gruppe som kjem i søkjeljoset og treng støtte, seier ho.