Hopp til innhold

- Astrup neglisjert i alle år

- Kommunen har neglisjert Astrup-familien i alle år, seier eldste attlevande sonen til kunstnaren, Peder Astrup.

Peder Astrup er ein av fleire som no langar ut mot det planlagde besøkssenteret ved Astruptunet på sørsida av Jølstravatnet. 

- Far min hadde respekt for naturen. Han ville ikkje tillete dette.

Fleire naboar har og protestert på vedtaket om å byggje eit stort besøkssenteret rett attmed Astruptunet.

Kjøsnes eit betre alternativ

Representantar for kultur-og reiselivet tek òg til orde for at eit senter heller bør reisast ved riksveg 5 på Kjøsnes  rett aust for Skei. 

Arthur Kordt, direktør i European Cruise Service, kjem med klar støtte om å byggje besøkssenteret på Kjøsnes.

- Vi har arbeidd i mange år med å integrere Astruptunet i våre sightseeing-opplegg. Det har vore vanskeleg å få til når vegen fram til Astruptunet er både smal og nesten uframkommeleg.

- Noko anna uaktuelt

Atle Hamar, representant for kommunen i prosjektgruppa, trur fleire av kritikarane har skjulte motiv når dei vil leggje senteret på Kjøsnes.

- Besøkssenteret kan berre finansierast og realiserast om det ligg attmed Astruptunet. Noko anna er uaktuelt.