Hopp til innhold

- 1. mai berre for eliten

- 1. mai er blitt ein festdag for eliten i arbeidarrørsla, meiner tidlegare Ap-leiar Johs. B. Thue. Han etterlyser meir sjølvpisking og mindre sjølvskryt.

Faglig front i 1. mai-tog 1976
Foto: Thorberg, Erik / SCANPIX

Johs B Thue

Johs B. Thue

Foto: NRK

Thue meiner ein heller bør bruka den internasjonale arbeidardagen til kritikk mot eiga regjering, framfor å driva med sjølvskryt på talarstolane.

- Dei rike vert rikare

- Feiringa har vorte ein dag for eliten i arbeidarrørsla, og dei er jo ofte eliten i bygdesamfunna våre. Dette er veldig sørgjeleg, for utviklinga har jo vore at dei rike har vorte rikare, og dei fattige har vorte fattige, seier Thue.

Han er framleis ein sosialdemokratisk ideolog, og aktiv i den lokale samfunnsdebatten. No går han i rette med eige parti og arbeidarrørsla. Han meiner dei må bli meir audmjuke og sjølvkritiske på kampdagen.

- Ein har ikkje klart å gi dagen eit nytt meiningsfylt innhald, som kunne gjort at dei som kunne trengt solidaritet stiller opp.

- Ap må beklaga

- Kva meiner du må gjerast?

- Ein må gå ut med eit truverdig bodskap, der dei som tilhøyrer denne eliten i partiet beklagar at ein ikkje klarar å løysa ein del sentrale problemstillingar, og at dei ikkje klarar å jamna ut skilnaden mellom fattig og rik.

Thue forstår at det kan verka paradoksalt å driva med sjølvpisking på ein slik dag.

- Men då er jo motspørsmålet mitt korleis ein kan driva med sjølvskryt som på ingen måte er i samsvar med det som er realiteten for samfunnsutviklinga vår i dag.

Får delvis støtte

Thue får delvis støtte frå Eirik Aarek, som er fylkessekretær for Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

- Arbeidarrørsla og 1.mai-komiteane må nok ta innover seg at me konkurrerer med veldig mange andre ting, og me må nok difor må sjå på våre arrangement i eit litt anna lys enn tidlegare.

- Så det at engasjementet vert stadig mindre, er samfunnet si skuld og ikkje arbeidarrørsla?

- Eg trur nok det er begge deler. Det er klart at arbeidarrørsla må vedgå at ein kanskje ikkje alltid er like flink til å få til gode nok arrangement, meiner Aarek.

Kolberg ikkje samd

Men generalsekretær Martin Kolberg i Arbeidarpartiet meiner Johs. B. Thue går for langt.

- Eg syns han tar litt for hardt i når han seier det. Ap åleine har over 350 gode arrangement 1. mai over heile landet, og der er det mange politisk interesserte menneske som stiller opp og deltek i feiringa. Men likevel meiner eg Thue har eit poeng når han seier at det er naudsynt at me fornyar oss, seier Kolberg.

Martin Kolberg, partisekretær Ap
Foto: Ingvald Nordmark / NRK