Opplegget
Det er fire program for 1.- 4.trinn og fire for 5.- 7.trinn.
Kvart program inneheld eit videoklipp frå NRK Super og ein powerpoint.
Powerpoint med spørsmål finst på bokmål, nynorsk og samisk.
Skap gode samtaler
Start med å vise dagens film som ligg øvst i nettsaken. Deretter går de gjennom spørsmåla i powerpointen. La elevane reflektere i fellesskap. Rettlei dei med oppfølgingsspørsmål om samtala stoppar opp. Kva for tankar sit dei med? Kva meiner dei om innhaldet i filmen?
Legg til rette for at elevane får sagt det dei meiner på den måten som høver for dei. Om nokre av svara virkar egoistiske eller kyniske, spør meir. Kanskje de beveger dykk inn i noko ekte som må tas på alvor i og kan jobbast med utover BlimE-veka.
Lukke til!
----------------------------------------------------------------------------------------
1. – 4. trinn
MÅNDAG - «Å BLI VENER»
Denne har også «Rollespelversjon» nedst i powerpointen.
Varigheit 15-30 minutt.
TYSDAG - «Å SEIE FRÅ»
ONSDAG - «DÅRLEG GJORT»
Denne har også «Rollespelversjon» nedst i powerpointen.
Varigheit 15-30 minutt.
TORSDAG - «Å FØLE SEG UTANFOR»
Denne har også «Rollespelversjon» nedst i powerpointen.
Varigheit 15-30 minutt.
----------------------------------------------------------------------------------------
5. - 7. trinn
MÅNDAG - «Å INKLUDERE»
TYSDAG - «BAKSNAKKING»
ONSDAG - «Å SEIE FRÅ»
TORSDAG - «INNHALDET I SONGTEKSTA»
FREDAG - ALLE DANSAR BLIME-DANS