Hopp til innhold

Denne kan hjelpa funksjonshemma ombord i fly

Mange funksjonshemma meiner det er for vanskeleg å komma seg ombord i norske fly. Ei ny liftordning blir nå vurdert av samferdsledepartementet.

Heis

Ei liftordning av denne typen kan gjera det lettare for rullestolbrukarar å komma ombord i fly der det ikkje er gangbru til flydøra. (Illustrasjonsfoto)

På dei flyplassavgangane der det ikkje er gangbruer til flydøra, er det utfordrande for rullestolbrukarar å komma seg ombord i flya.

Ved Stavanger lufthavn Sola må funksjonshemma ha bere-hjelp for å komma ombord i flya fordi det tar for lang tid å bruka heisen.

Ein tidlegare Braathens-tilsett har derfor kome med forslaget om ei ny liftordning for å få alle passasjerar enklare ombord før avreise.

Ombordstigingsliften er to-delt: Ei heisordning for rullestolbrukarar og ei trapp for funksjonsfriske (sjå bilete).

Positiv til forslaget

Samferdsleministar Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) er positiv til forslaget.

– Dette er eit konstruktivt forslag, utan at eg kan seia ja eller nei til dette nå. Eg har nå bede fagfolk om å sjå nærare på dette, seier Kleppa.

Samferdsleministaren legg til at departementet hennar arbeider arbeider med fleire konkrete løysingar der det ikkje er muleg å bruka ei såkalla nasebru inntil flyet.

Magnhild Meltveit Kleppa

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp).

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

– Det mest praktiske er å bruka desse gangbruene for rullestolbrukarar. Men der dette ikkje er muleg må ein finna andre løysingar. Eit heissystem vil her vera sentralt.

Sju utgangar har ikkje gangbru

På Stavanger lufthavn Sola er det framleis sju utgangar som ikkje har gangbru til ombord- og avstiging.

Lutfhamnsjef Leif Anker Lorentzen utelukkar ikkje idéen om den nye to-delte liftordninga der det frå før ikkje er gangbruer.

– Men først og fremst vil me halda fram med å utvida talet på gangbruer og passa på at dei flya som har rullestolbrukarar får parkera inntil desse bruene, seier han.