Hopp til innhold

Vurderer å flytta Rygjabø vgs.

Låge søkartal på Rygjabø vgs. gjer at fylkespolitikarane nå vurderer å flytta skulen vekk frå Finnøy.

Rygjabø vgs.

Rygjabø vgs. er den minste vidaregåande skulen i Rogaland.

Foto: Stein Hugo Hansen

Rygjabø er den minste vidaregåande skulen i Rogaland, men kan tilby eit av dei største opplæringsmiljøa innan fiskeri, i heile landet.

Trass slagordet deira; «eit hav av moglegheiter» – slit skulen med låge søkartal. Derfor vil fleirtalet av fylkespolitikarane nå vurdera om skulen bør flyttast vekk frå Finnøy.

Opplæringsutvalet i fylkeskommune vil greia ut både flytting og nedlegging av skulen. Det er heller ikkje lenge sidan politikarane vedtok at matfaglinja ved skulen skulle bli lagt ned.

Rektor ved Rygjabø vgs. ser ikkje behovet for utgreiinga.

– Det vil kosta mellom 30 og 40 millionar kroner å bygga opp oppdrettsanlegga som finst på skulen ein annan stad, seier han.

Han meiner at anlegget deira har blitt satsa for mykje på til å bli lagt ned nå.