Hopp til innhold

Ein omkom i frontkollisjon mellom vogntog

Frontkollisjonen mellom to vogntog blei ei dødsulukke på fylkesveg 44 mellom Bryne og Nærbø. Ulukka stengde vegen i fleire timar.

Vogntog i frontkollisjon på fv 44 i Hå

Biletet er teke på ulukkesstaden klokka 15. Då låg framleis vogntoga i vegbana.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Politiet fekk melding om trafikkulukka klokka 13.18. Kollisjonen skjedde på fylkesveg 44 like ved ambulansestasjonen på Bekkeheien i Hå. To vogntog var involvert i ulukka.

Vogntog i frontkollisjon på fv 44 i Hå

Køyretøyet som køyrde sørover har bremsa kraftig opp før kollisjonen, før det kom over i motsett køyrebane og hamna utfor vegen.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK
Vogntog i frontkollisjon på fv 44 i Hå

Eitt av vogntoga har køyrd av vegbanen og velta like ved legevakta i Hå kommune. Bilete er teke mot sør.

Foto: Øyvind Jansen

– To vogntog har frontkollidert, seier operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Kurt Løklingholm til NRK.no.

Klokka 15 bekreftar Rogaland politidistrikt at det er snakk om ei dødsulukke.

– Ein person omkom i ulukka, seier operasjonsleiar Geir Gjesdal.

To førarar og ein passasjer

Tre personar var involvert i ulukka. To av dei var sjåførar, den tredje passasjer. Begge dei skadde, ein mann i 20-åra, og ein mann i 40-åra, fekk lettare skader, ifølgje Stavanger universitetssjukehus (SUS).

– Meir veit vi ikkje. Teknikarar skal undersøka ulukkesstaden nå, seier Gjesdal klokka 15.

Klokka 18.30 var situasjonen den same. Vegen var stengd, og krimteknikarar var saman Statens vegvesen si ulukkesgruppe i gang med undersøkingar på staden.

Vegen stengd i fleire timar

Klokka 20.30 var krimteknikarane og ulukkesgruppa ferdige med åstaden. Køyretøya låg framleis ved og delvis i vegbana.

– Vegen kjem til å vera stengd i to-tre timar til, melde Rogaland politidistrikt på Twitter.

Det betyr at fylkesveg 44 tidlegast opnar klokka 22.30.

Blei sitjande fastklemd

– Det er ei alvorleg ulukke. Ein av sjåførane var fastklemde i bilen etter ulukka, men eg har førebels ikkje informasjon om han har blitt teken ut, sa Løklingholm til NRK.no. klokka 14.

Fylkesveg 44 blei heilt stengt for trafikk ved Rimestadkrysset, der ulukka skjedde. Dette er hovudvegen på Jæren, og vanlegvis svært trafikkert om ettermiddagen.

– Risa skal allereie vera i gang med å skilta omkøyring, sa Løklingholm om trafikksituasjonen klokka 14.

Politiet varsla tidleg at vegen kom til å vera stengd i fleire timar utover ettermiddagen.

Rimestad

Ulukka skjedde i Rimestadkrysset mellom Bryne og Nærbø i Hå kommune.

Foto: Google maps

Flere nyheter fra Rogaland

Tomine Walmsness

Sjå distriktsnyheitene 19:45