Hopp til innhold

Her har «alle» kaninane forsvunne eller døydd: – Mystisk

Tidlegare var det kaninar overalt. No er dei vekke. Kva har skjedd?

Død kanin på Ullandhaug i Stavanger

DØD KANIN: Fleire kaninkadaver er funne rundt Ullandhaug og Sørmarka i Stavanger. Då denne kaninen blei fotografert, hadde den lege daud i minst to dagar, og kan ha blitt spist på av fuglar eller dyr.

Foto: Jarl Hoogstad / Privat

– Det krydde av kaninar for eit par veker sidan. Nå er det ingen å sjå, seier Randi Horve, som bur på Ullandhaug i Stavanger.

Tidlegare i juli skreiv NRK at ville kaninar er eit problem rundt Sørmarka i Stavanger, og at det blir fleire og fleire av dei.

Berre kort tid etter er situasjonen heilt annleis. No er det nesten ikkje ein einaste kanin i områda Ullandhaug og Sørmarka.

Fleire er òg funne daude.

Fant fire daude kaninar i hagen

Horve har budd i eit hus på Ullandhaug i Stavanger i 40 år. Aldri før har ho sett ein einaste daud kanin i hagen sin.

Ein dag ho kom heim frå hytta, låg det fire daude kaninar der.

– Etterpå har eg ikkje sett nokon levande kaninar. Det er litt mystisk.

Randi Horve i hagen sin på Ullandhaug. Her var det tidligere mange kaniner som bodde, nå er alle borte.

– MYSTISK: Randi Horve pleier alltid å ha kaninar i hagen sin. Ho seier det er uvanleg at det ikkje har vore nokon i det siste.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Også Jarl Hoogstad, som dagleg går turar i området, har stussa over det han har sett.

– Kaninane var der på fredagen. Då eg kom tilbake på måndagen, var dei vekke.

Han fant fem daude kaninar.

Jarl Hoogstad

FORSVUNNE: Jarl Hoogstad er fast turgåar på Ullandhaug og i Sørmarka. Han pleier alltid å sjå kaninar, men den siste tida har han ikkje sett nokon. – Merkeleg, seier han.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Andre naboar og turgåarar som NRK har snakka med, har observert det same.

Kan vera sjukdom eller forgifting

Mattilsynet har òg fått fleire uavhengige tips frå folk om dette.

Dei har tatt inn to kaninakadaver til obduksjon, men sidan dei var øydelagde og hadde starta å rotne, var det ikkje mogleg å finne dødsårsaka.

Ann Therese Kommedal i Mattilsynet i Rogaland

Veterinær og førsteinspektør i Mattilsynet SRSF, Ann Therese Kommedal, seier det kan skyldast ein smittsam sjukdom eller ei forgifting.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

– Det kan vera ein smittsam sjukdom eller ei form for forgifting, men utan å ha sett på obduksjon eller tatt prøver, veit me ikkje kva som er mest sannsynleg, seier veterinær i Mattilsynet, Ann Therese Kommedal.

Kan ikkje vera skoten

Stavanger kommune har heller ikkje noko klart svar på kva som kan ha skjedd.

– Det kan vera heilt naturlege variasjonar. At dei finn meir mat ein anna plass, seier naturforvaltar Vegard Ankarstrand.

Kaninar på Ullandhaug i Stavanger

VILLE KANINAR: Desse to blei fotografert i starten av juli, før kaninane forsvann.

Foto: Sindre Kirkaas Normann / NRK

Han meiner det ikkje vil vera mogleg at nokon skal ha klart å fått ned bestanden, sjølv om dei prøver.

– Folk spekulerer i om nokon skyt dei. Men ingen klarer å skyta ned ein kaninbestand i Sørmarka. Det er faktisk umogleg.

– Kvifor?

– Det er tusenvis av dei. Du klarar ikkje skyta tusenvis utan å bli oppdaga.

– Kan nokon ha fjerna dei med å legga ut feller eller gift?

– Nei. Kaninar er ikkje ein art som egner seg å forgifta, fordi dei et gras og planter. Dei er òg vanskelege å fanga i feller. Det er vanskeleg å regulera ein bestand av kaninar.

Randi Horve i hagen sin på Ullandhaug. Her var det tidligere mange kaniner som bodde, nå er alle borte.

FANT DAUDE KANINAR: Randi Horve fant fire daude kaninar i hagen sin på ein dag. Etter det har ho ikkje sett ein einaste levande kanin. Det synest ho er spesielt.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Ulovleg å jakte nå

Stavanger kommune seier at kaninane ikkje er ønska, men at dei ikkje har ressursar eller grunnlag til å fjerna dei.

Det er ikkje lov for privatpersonar å fanga eller drepa dei.

Jakt av viltlevande kanin er berre lov dersom ein jakter i sesongen (10. september til 29. februar) og har løyve frå grunneigar.

Kanin på Ullandhaug i Stavanger.

SKAL IKKJE VERA I NOREG: Villkaninane høyrer ikkje til i norsk natur, og er slept ut av folk som ikkje vil ha kjæledyra sine lenger. Dette bildet er frå tidleg i juli.

Foto: Sindre Kirkaas Normann / NRK

Jakt på kommunal grunn er uansett ulovleg, opplyser naturforvaltaren.