500 tilsette risikerer å bli permitterte etter at Statoil for to veker sidan ga eit spansk verft oppdraget med å byggja ein del av Kristin-plattforma.
Denne kontrakten kunne fyllt eit hol i ordrebøkene til Kværner Egersund.
Det spanske verftet var over førti prosent billigare og klubbleiar Oddvar Hølland hevdar kontrakten er tildelt på ulike konkurransevilkår.
Dei tillitsvalde har no engasjert fleire advokatar som arbeidar med saka.
Olje- og energiministeren har sagt at regjeringa vil bringe saka inn for EU om det viser seg at det spanske verftet har fått ulovlege subsidiar.