– Eg håper me kan forlengja dobbeltsporet heilt til Gandal i første omgang, seier Heidi Bjerga i Sosialistisk Venstreparti i Sandnes.
Tal frå Jærbanen viser at det har blitt 30 prosent fleire togreisande etter dobbeltsporet i 2009. Berre i 2011 var det ei auke på 14 prosent i forhold til året før på strekket mellom Stavanger og Sandnes.
- Les òg:
- Les òg:
Der toga ikkje går kvart femtande minutt, altså mellom Ganddal og Egersund, var veksten lågare. Om lag sju prosent.
– Må ha dobbeltspor
Heidi Bjerga (SV) vil at toget skal gå kvart 15. minutt i sør-fylket.
Foto: Magnus Stokka / NRK– Jo lenger sør me klarar å trekka kvartersavgangane, jo fleire reisande vil me få, seier Bjerga.
Ho peiker på at dette vil vera viktig å få til for at Sør-Rogaland skal bindast saman med framtidsretta kollektivtransport.
For å realisera Bjerga sin draum om avgangar kvart kvarter på heile Jærbanen er det meir dobbeltspor som må til, ifølgje regiondirektør i Jernbaneveket, Lars Christian Stendal:
– Føresetnadene er i hovudsak at me må bygga dobbeltspor for å få dette til på ein skikkeleg måte. Det går an å bygga lange kryssingsspor, men då blir ikkje toga like punktlege, og kostnaden er nesten den same, seier han til NRK.no.
Viktig med politisk vilje
Om ein berre vil ha kvartersavgangar til Gandal, seier han at det kan løysast med vendespor. Eit ekstra spor der toget står for å klargjerast til å køyra motsett retning.
– Det er eit prosjekt som kan realiserast innan to år dersom saka får politisk gjennomslag, seier han.
For politisk vilje vil vera heilt nødvendig, seier han.
– Prioritering av Jærbanen er ikkje inne i den transportplanen som me nå har. Derfor må dette eventuelt løftas fram gjennom tydelege lokale politiske initiativ, seier han.
Prisen på eit dobbeltspor til Bryne vil kosta om lag 2,1 – 2,8 milliard kroner.