Etter fleire års kamp mista Vesterled i mai i år godkjenninga som barnevernsinstitusjon på grunn av for mykje bruk av tvang og manglande kompetanse. Vesterled anka og vann altså delvis fram i direktoratet.
Dei må imidlertid oppfylla ein del krav før vidare drift og får foreløpig driva ei avdeling med fire barn frå tolv år og oppover.
Vesterled-eigar Arild Vegrim ser likevel på vedtaket som ein full siger.