Hopp til innhold

Ventar på skreddarsydd russehijab

Maryam Amith (19) frå Stavanger køyrer gjennomført russestil, nå ventar ho på at mora skal bli ferdig med ein spesiallaga russehijab med norske flag.

Maryam Amith (19) frå Stavanger nyt tida som russ, sjølv om ho ikkje kan vera like sosial som alle andre.

►Sjå video: Maryam om valet av blå russehijab. (Foto: Marthe Kindervaag)

– Eg må gå med hijab uansett, så kvifor ikkje gå med ein som passar til russebuksa, spør den 19 år gamle blårussen Maryam Amith.

Ho har kjøpt inn ein heilt ny blå hijab, som skal passa til russedrakta fram til mora er ferdig med syprosjektet sitt.

  • Sjå russekortet til Maryam nedst i artikkelen.

– Eg håper i alle fall den blir ferdig til 17. mai. Det er ein blå russehijab med norske flag på, eg skal ha den på meg i russetoget, seier ho.

Foreldra kjem frå Sri Lanka, og Maryam er både blåruss og muslim. Ein kombinasjon som stort sett går heilt fint.

– Ein balansesak å vera russ og muslim

– Det er sjølvsagt ein balansesak, men det er det jo alltid når ein er innvandrar. Eg storkosar meg som russ, sjølv om eg ikkje alltid kan vera like sosial som gjennomsnittet av russane, seier ho.

Nett nå handlar det om å ta russeknutar. Ho har ete mykje Hubba Bubba, og har klemt 100 tilfeldige personar i Stavanger sentrum.

– Det er «bummer» når folk styrer unna deg, når du skal gje dei ein klem, men det er veldig kjekt når du får lov, seier ho.

Foreldra til Maryam skulle gjerne sett at ho heller var heime og las i skulebøkene, enn at ho er ute og samlar inn russeknutar, men Maryam har lenge sett fram til å bli russ og var ikkje til å stoppa.

– Eg samla på russekort då eg var liten og har gleda meg lenge til dette. Dessutan kan ein ikkje sitja med lekser 24 timar i døgnet. Då vil ein enda opp med verk i hovudet, seier ho og ler.

Ho meiner russeknutane er god terapi mot hovudverk.

Held fram på universitet

– Det er mykje snakk om å forby hijab i skulesamanheng, har du hatt problem med å gå med hijab som russ?

– Nei, det har eg ikkje. Eg tar det litt som det kjem. Blir det forbode, ja så blir det forbode. Det vil uansett ikkje gjelda for meg, sidan eg snart er ferdig med den vidaregåande skulen, seier ho og ler.

Kva tenker familien din om det å vera russ?

– Foreldra mine har budd her så lenge nå at dei er nok vande med det, men eg har ei ny svigersøster i familien, ho synst det er veldig rart at folk går i matchande bukser og er rampete.

Og sjølv om mora meinte det var litt unødvendig i byrjinga er ho nå i full sving med russehijaben til dottera.

Skulle du heller ønskt at du kunne kjøpa russehijab i den offisielle russekatalogen?

– Sjølvsagt hadde det vore herleg. Eg skulle også ønskja at sjukeheimen eg jobba på tilbydde hijab, men slik er det ikkje og det er heilt greitt, seier ho.

Etter intervjuet med NRK var Maryam ein russeknute rikare, og etter alle russeknutane går vegen hennar vidare til Universitetet.

– Men nett nå vil eg berre feira at eg er ferdig med skulen for denne gong, avsluttar Maryam.

Russekortet: «Every day is a bad-hair-day»

Russekort

Flere nyheter fra Rogaland