Hopp til innhold

Vennen i bisettinga: – Vegar var ein fest

Skodespelar Vegar Hoel blei bisett frå Stavanger konserthus fredag. Han døydde 47 år gamal, etter langs tids sjukdom.

Pil Cappelen Smith i bisettelse for Vegar Hoel

Vennen Pil Cappelen Smith var blant dei som snakka om Vegar Hoel i Stavanger konserthus.

Foto: Jan Inge Haga / Stavanger Aftenblad

Mange møtte opp for å minna multikunstnar, skodespelar og regissør Vegar Hoel.

Gravferda fann stad i Stavanger si storstue, Stavanger konserthus.

Under opninga av seremonien, som starta klokka 11, blei fleire ord nemnt for å minne han:

Omsorgsfull, uvanleg, leiken, ærleg, hjartet til ein gamblar.

Vegar Hoels bisettelse

Vegar Hoel har teikna alle teikningar som er i programmet for bisettinga. Han var også ein illustratør.

Foto: Tomine Walmsness / NRK

– Dette er ikkje berre ein avskjed, det er også ei feiring. For Vegar var ein fest, han fekk dei til å le og undra, sa forleggar og venn Pil Cappelen Smith under seremonien.

Døydde med gode venner rundt seg

– Han hadde ei unik evne til å få folk til å le av ting man eigentleg ikkje ler av. Kvar gong det var tunge dagar, var det han som fekk stemninga opp igjen.

Smith fortalde at Hoel levde her og nå, sjølv i den siste tida.

– Han nekta å la seg definera av diagnosen, men han kunne ikkje vinne. Han døydde med gode venner rundt seg.

Vegar Hoels bisettelse i Stavanger konserthus

Seremonien for å minnast Vegard Hoel var i Fartein Valen-salen i Stavanger konserthus klokka 11 fredag.

Foto: Jan Inge Haga / Stavanger Aftenblad

Hoels venn Arild Østin Omundsen, søster Trude Hoel og sambuar Ingrid Rusten kom også med minneord under seremonien.

To av musikkstykka som blei framførte var komponerte spesielt til avskjeden med Hoel.

Hoel var kjend for å bruke humor. Det var gravferda og stemninga prega av.

Blei 47 år

Gravferda var open for alle, etter ønske frå familien.

– Hoel har vore ei kraft i så mange samanhengar, både i lokalt, nasjonalt og i internasjonalt kulturliv. Derfor er det et ønske frå familien at alle som ønsker å ta et siste farvel med Vegar er velkomne i Stavangers storstue på fredag, skreiv Rogaland Teater i ei pressemelding om gravferda på vegner av familien.

Arild Østin Ommundsen i bisettelse for Vegar Hoel

Hoels venn Arild Østin Omundsen var blant dei som snakka under seremonien.

Foto: Jan Inge Haga / Stavanger Aftenblad

Vegar Hoel døydde 8. november. Han gjekk bort etter lang tids sjukdom på Stavanger universitetssjukehus.

Han blei 47 år gamal og gjekk bort med sine næraste rundt seg.

Kjent skodespelar og multikunstnar

Hoel er mest kjend for si rolle i filmen Mongoland. Han spelte også i Alt for Egil, United, Død snø og Mannen som elska Yngve, samt at han regisserte Kill Buljo 2.

Han var også med i TV-seriane Lykkeland og Okkupert.

I 2005 blei han kåra til årets Stavangerkunstnar av Stavanger kommune.

Skodespelaren, som blei fødd på Stord, spelte også på Rogaland Teater og Haugesund Teater.

VIDEO: Tore Renberg om Vegar Hoel.