Hopp til innhold

Vatnet fløyma inn i butikkar i Sandnes

Kraftig nedbør førte til overfløymingar i Sandnes sentrum i føremiddag. Det vil regna i timane framover, og brannvesenet ber folk om å sjekka slukar og kummar.

Flaum i Langgata

Det fløyma over i Langgata i føremiddag. Fleire butikkar fekk vatn inn i lokala sine.

Foto: Ronny Hjertås

– Det kom sjukt mykje vatn. Eg aldri sett så mykje vatn før i mitt liv, seier Tuan Nguyen.

Han står inne på lageret til butikken Søstrene Grene i Langgata i Sandnes. Kraftig nedbør, og ein vassleidning som sprakk, førte til overfløyming i gata i føremiddag.

– Me fekk panikk, og prøvde å flytta på ting, seier Nguyen.

Det tok ikkje lange tida før vatnet forsvann igjen, og han er letta over at varene ikkje har fått vasskadar.

– Det kunne ha gått mykje verre, for det kom veldig brått, og det kom mykje vatn, seier Nguyen.

Butikk i Sandnes

Tuan Nguyen står inne på lageret til Søstrene Grene. Han fortel at det kom mykje vatn inn på kort tid.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Overfløymingar i fleire butikkar

Brannvesenet rykka også ut til Strandgata i Sandnes sentrum. Det kraftige regnet førte til at vatnet fløyma inn i tre butikkar.

– Me er ferdige på staden no. Me har sett pumper inne i lokala, seier Svein Nessa, vaktleiar i Rogaland brann og redning.

Det er ikkje meldt om store vasskadar i butikkane.

Ber folk vera obs

Det har regna kraftig i Rogaland dei siste timane, i Sandnes kom det over 14 mm regn på under ein time, og Nessa ser ikkje bort frå at dei må ut på fleire oppdrag.

– Folk er på jobb no, og det kan vera dei oppdagar noko når dei kjem heim, seier Nessa.

Han oppmodar folk som er heime om sjekka slukar og kummar for å unngå overfløymingar.

Vatn i Sandnes

Ein vassleidning i Langgata sprakk, og brannvesenet har vore på staden for å få unna vatnet.

Foto: Mathias Oppedal / NRK