Hopp til innhold

Hunden varsla om storbrannen

John Helge Møinichen takkar hunden for at han fekk redda naboane ut av huset som i dag er totalskadd.

John Helge Møinichen

John Helge Møinichen og hunden hans bur like ved rekkehusa som brann i natt.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Det var hunden som vekte meg. Og då eg kikka ut av vindauget så såg eg at det kom flammar opp bak bilen ved nabohuset, seier John Helge Møinichen.

Han bur 100 meter frå rekkehusa i Utsiragata i Haugesund som stod i full fyr i natt.

– Eg ringde til brannvesenet med ein gong, heiv på meg kleda og sprang ut. Men då eg kom fram til huset som brann var det ikkje sjanse å koma seg inn døra. Men eg fekk ut folka frå dei to andre nabohusa, seier Mønichen.

Han fortel vidare at han som budde i det tredje huset kom seg ut på eige hand, og ropte på ambulanse.

Lang ventetid

Brannen spreidde seg mellom dei tre rekkehusa, imens venta dei på hjelp, og Mønichen meiner det tok for lang tid.

– Me stod og venta på brannvesenet, men dei kom jo ikkje. Det er trist, når det er nærmare tre bustadhus som går med, seier Mønichen.

Brannvesenet fortel til NRK at dei brukte ti minutt frå dei fekk meldinga til dei var på staden. Men på veg til Utsiragata fekk dei melding om ein ny brann i Furuveien som ligg like ved, difor måtte dei bruke eitt minutt ekstra på å sjekke ut den andre adressa.

Det viste seg å vera same brannen.

Store skadar etter brannen

To personar vart sende til sjukehuset, og to rekkehus er totalskadde etter brannen. Synet av flammane som tok tak var skremmande, fortel varslaren.

– Det som er det skremmande er kor fort det går. For det spreidde seg raskt, seier Møinichen.

Brann i Haugesund

Det er store materielle skadar etter brannen i Haugesund.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Flere nyheter fra Rogaland