Hopp til innhold

Valet i Sauda

 Sauda er einaste kommunen i Rogaland med reint sosialistisk fleirtal. Laura Seltveit er ordførarkandidat for Ap. Klara Gauthun Tveit stiller på topp for SV.

Med 45 % til Ap i sist valg og med ytterlegare 8% til SV, så er Sauda den einaste kommunen i Rogaland med reint sosialistisk fleirtal. Valgvinnaren i 2003, Torfinn Opheim, er vel forvart på Stortinget. Nå er det Laura Seltveit som skal føra Arbeiderpartitradisjonen vidare i industrikommunen.

Det har vore mange harde år for Saudasamfunnet på 90-talet og i starten på det 21. århundre. Smelteverket har innskrenka, folketalet har minka og E-verket er seld. Nå ser det lysare ut her som i dei fleste kommunane, i alle fall når det gjeld kommuneøkonomien.

Tunnel

Vegutløysing til Etne er den store draumen til mange i Sauda. Kommunen har nærare 100 millionar kroner på bok til dette formålet, men likevel ser dei at prosjektet slit med å koma gjennom i prioriteringskøen. For sjølv 100 millionar er langt frå nok, når det i tillegg må byggjast ein god del veg i begge endane.

Aktuelle kandidatar

 

  • Laura Seltveit overtok som ordførar for Torfinn Opheim då han reiste til Stortinget etter 2005-valget. Ho stiller som ordførarkandidat igjen for Ap.
  • Endå meir røynd er Klara Gauthun Tveit for SV. Ho er leiar for fylkespartiet, gruppeleiar i fylkestinget og førstekandidat til kommunestyret.
  • For Høgre stiller bonde Ivar Tangerås.
  • For KrF: Wenche Elise Øystese.
  • Jan Birger Eide er toppkandidat for Frp,
  • Kristine Espeland Raddal er på topp for Senterpartiet.
  • Vegard Floa for Venstre.

Aktuelle saker

Fløgstad skule er sikra mot nedlegging i denne omgang, men det kan raskt koma ein ny runde i løpet av dei neste fire åra. Ellers står kampen mot fråflytting og kva grep som skal gjerast i den samanheng, sentralt i valgkampen.

Valstatistikk

Val-91: Ap-11, SV-4, V-1, Krf-3, Sp-5, H-3

Val-95: Ap-9, SV-5, V-2, KrF-3, Sp-6, H-2

Val-99: Ap-11, SV-4, V-1, KrF-3, Sp-3, H-5 (27)

Val-03: Ap-9, SV-2, V-0, KrF-1, Sp-2, H-3, FrP-2 (19)

Les hva politikerne skriver på Torget . Der kan du også delta i debatten og skrive egne innlegg.