Etterspel etter aksjon på Moi
Politiet opprettar sak etter at ein mindreårig gut gjekk rundt på togstasjonen på Moi med noko som likna eit våpen, men som seinare viste seg å vere laga av tre. Guten er avhøyrd og har vedgått at det var dumt gjort, men seier han gjekk der det var lite folk, seier operasjonsleiar Olaug Bjørnsen i politiet.