Hopp til innhold

Væpna aksjon i Karmøy

Ein mann er pågripen i Karmøy, mistenkt for trugslar, brot på våpenlova og ruskøyring.

Væpna aksjon

Seks politibilar og væpna politi var på staden der mannen i slutten av 20-åra blei pågripen.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Bakgrunnen for pågripinga var at me blei ringde opp med tips om ein trugande mann som bar synleg våpen, seier operasjonsleiar Norunn Byrknes ved Haugesund politistasjon.

Seks politibilar med væpna politi var til stades då mannen blei teken i ein bustad i eit byggjefelt på Moksheim, på fastlandet i Karmøy kommune, laurdag ettermiddag. Eit barn var saman med han i leilegheita då han blei pågripen, men dette var ikkje hans ifølgje Byrknes.

Mannen som er i slutten av 20-åra skal ha vore på leiting etter ein person som han ville skada, men lykkast ikkje å få tak i denne før han blei innhenta av politiet.

Forklarar seg

Ingen vart skadd under hendinga, og operasjonsleiar understreker at arrestasjonen føregjekk utan dramatikk, sjølv det kan ha blitt opplevd som alvorleg ut for vitne og forbipasserande.

Er dette ein kjenning av politiet?

– Eg veit ikkje om eg vil kalla han ein kjenning, men me har vore borti han før, seier operasjonsleiar.

Mannen var køyrde sjølv til bustaden der han blei pågripen, og politiet mistenker at han har vore påverka av noko anna enn alkohol, men dette vert ikkje klart før prøver er tekne.

Vitne skal inn til avhøyr, og mannen får høve til å forklara seg før han vert varetekstfengsla.