Hopp til innhold

Uvanleg mange ledige studenthyblar

For første gang er det ledige studentbustadar ved semesterstart i Stavanger. Mange utleigebustadar på den private marknaden og mange nybygde studentleilegheiter fører til at studentane no kan velga på øvste hylle.

For første gang er det ledige studentbustadar ved semesterstart i Stavanger. Mange utleigebustadar på den private marknaden og mange nybygde studentleilegheiter fører til at studentane no kan velga på øvste hylle.

SJÅ REPORTASJEN: Slik ser mange studenthyblar ut no, sjølv om det er semesterstart.

Studentane i Stavanger er i gang med semesteret for fullt i dag. Vanlegvis er det overskrifter som « 180 studentar manglar bustad », « 1100 søkarar til 280 studenthyblar » og « fordobling i studentboligkø » ein finn når det blir skrive saker om studentar som treng husvære i Stavanger. Men slik er det ikkje rundt studiestart i år.

«Oljå» og hybelbygging

Øyvind Lorentzen

HAR PLASS TIL FLEIRE: Øyvind Lorentzen i SiS Bolig har plass til fleire studentar i hyblane sine.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Nett no har me mellom 25 og 30 ledige bustadar, og det er stort sett parbustadar, seier Øyvind Lorentzen, dagleg leiar i SiS Bolig.

Det er fleire ting som gjer at årets situasjon er langt frå normalen. Nedgangen i olja gjer at det blir mange ledige bustadar på den private marknaden, samstundes som Studentsamskipnaden har bygd nye leilegheiter.

– Me har ferdigstilt over 200 bustadar til semesterstart. Dei to tinga gjer at tilbodet vårt er mykje større enn tidlegare år. Det er ti år sidan sist det var slik, i 2005 hadde så låge ventelister, seier Lorentzen.

Jublar ikkje heilt endå

Gymsalar og nedlagde sjukeheimar er blant dei plassane huslause studentar tidlegare år har måtta ty til medan dei venta på ein meir permanent stad å tilbringa studentdagane sine. I år står gymsalane tomme.

– På det meste var det over 40 som budde på flatseng i august i samband med semesterstart. I fjor var det om lag 15, og i år er det ingen, seier Lorentzen.

Men i Studentorganisasjonen (StOr) let dei både blautkaka og sjampanjen stå i ro inntil vidare.

Magne Bartlett

SKEPTISK: Magne Bartlett i StOr trur ikkje årets situasjon blir vanleg.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– UiS veks stadig, det gjer også dei andre utdanningsinstitusjonane i byen, og det blir ikkje bygd like mange studentbustadar som det blir tatt inn nye studentar. Me trur at i år er eit unntak, og at etterspurnaden vil bli veldig mykje større, seier Magne Bartlett, nestleiar i StOr.