Hopp til innhold

Uroleg for arbeidsplassane ved Kverneland sin plogfabrikk

Ordførar i Klepp Ane Mari Braut Nese (H) fryktar for om lag 600 arbeidsplassar på Jæren, dersom Kverneland Group blir seld til den japanske landbruksgiganten Kubota. Konserndirektør Ingvald Løyning i Kverneland trur arbeidsplassane blir sikra med nye japanske eigarar.

Ane Mari Braut Nese er uroleg for arbeidsplassar

Ordførar i Klepp, Ane Mari Braut Nese, er uroleg for arbeidsplassane ved Kverneland sin plogfabrikk på Øksnavad, dersom den japanske landbruksgiganten Kubota kjøper opp Kverneland Group.

Foto: Mari Rollag Evensen/Ole Andreas Bø / NRK

Trygve Martinsen

Leiinga ved Plogfabrikken på Øksnevad i Klepp er ikkje bekymra for framtida, trass nye utanlandske eigarar. Økonomidirektør for plogfabrikken, Trygve Martinesen innrømmer likevel at det vil bli spesielt om selskapet blir selde til utlandet.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

I dag blei det kjent at styreleiar i Kverneland Group, Jens Ulltveit-Moe, har takka ja til eit tilbod om å selja sin eigardel på 31,8 prosent i landbruksmaskinselskapet Kverneland til Kubota, og at han tilrår dei andre aksjonærane å gjera det same.

Dersom det skjer er ordførar i Klepp, der Kverneland sin plogfabrikk med over 500 tilsette ligg, uroleg for arbeidarane seie framtid, når Kubota nå vil kjøpa selskapet for over 1,3 milliardar kroner.

– Dette handlar om meir enn 500 arbeidsplassar, så eg blir jo litt uroleg, seier Braut Nese til NRK. Totalt på Jæren jobbar om lag 600 personar i Kverneland.

Konserndirektøren forstår uroa

– Eg forstår godt at både politikarar, vanlege folk og ikkje minst våre eigne arbeidarar stiller seg spørsmål om tryggleiken til framtidige arbeidsplassar etter dette, seier Ingvald Løyning som er konserndirektør i Kverneland Group.

Men Løyning sjølv er ikkje redd for at folk skal mista jobben sin, Han meiner dagens nyheit vil vera med på å tryggja arbeidsplassane:

– Kubota vil vera ein velståande og solid eigar. Mi tru er at me under dei vil vera i stand til å gjera kleppfabrikken meir effektiv, rasjonell og konkurransedyktig.

– Det betyr at det kanskje vil bli ein del automatisering og robotisering, men samstundes kan det også tryggja arbeidsplassane, seier han.

Video Sal av Kverneland

SKEPTISKE ARBEIDARAR: Alf Inge Jotten på plogfabrikken på Kverneland var ikkje nøgd med nyheiten han i dag fekk om at selskapet han jobbar i kan skifta eigarar.

– Mest positivt at me blei kvitt Ulltveit-Moe

I kantina på Kverneland sin plogfabrikk på Øksnavad var det blanda stemning hos arbeidarane i dag.

– Eg liker det ikkje. Aksjonærane skal vera i nærleiken av fabrikken og ikkje på andre sida av jorda. Det einaste positive er at me blei kvitt Ulltveit-Moe, men ein flokk med japanarar liker eg heller ikkje, seier Alf Inge Jotten.

– Eg visste ingenting før eg kom på jobb i dag. Men etter kvart som eg har fått tenkt litt på det trur eg ikkje det er så gale, seier Leon Orstad.

Sjølv om Braut Nese er skeptisk håper ho at eventuelt nye eigarar ønskjer å satsa på plogfabrikken på Øksnavad:

– Sjølv om det kjem utanlandske eigarar er det ikkje dermed sagt at arbeidsplassane forsvinn, og eg håper sjølvsagt at dei har like store ambisjonar om å lykkast på Klepp som leiinga i Kverneland har hatt tidlegare, seier ordføraren.

– Spesielt

Økonomidirektør for plogfabrikken på Øksnevad, Trygve Martinesen, seier ingenting så langt er avgjort, men innrømmer at det vil bli spesielt om selskapet blir selde til utlandet.

– Me følgjer spent med, for ingenting er avklart. Det vil jo bli spesielt om eit gamalt norsk selskap skal på utanlandske hender.

Men om det skulle skje er heller ikkje han uroleg for arbeidsplassar:

– Det er jo eit spanande konsern med om lag 25.000 tilsette. Dei driv innan landbruk og har også andre bein og stå på. Dette kan gje oss moglegheiter, seier han.