Hopp til innhold

Her startar dei Noregs fyrste SFO-utdanning

Universitetet i Stavanger opprettar bachelor i skolefritidspedagogikk. – Eit fagområde som ikkje har vorte teke på alvor, seier SFO-leiar.

Asgeir Rannem.

Asgeir Rannem (9) fortel at han liker seg godt på SFO. Han bruker mykje tid på billiard og tykkjer det er ekstra stas, fordi han vinn så ofte.

Foto: Marte Skodje / NRK

– Eg pleier å leika med lego eller spela biljard, fortel Asgeir Rannem.

Fjerdeklassingen ved Jåtten skulefritidsordning (SFO) i Stavanger er éin av rundt 150.000 barn som går på SFO i Noreg i dag.

Men det er ingen krav til at dei tilsette her har formell utdanning.

– Viss me vil ha god SFO, så handlar det om dei tilsette sin kompetanse. Det er det som er gullet, seier leiar Mona Skaaren ved Jåtten SFO.

Ho har etterspurt kompetanseheving i SFO i nesten 30 år.

Frå og med hausten 2023 vert det for fyrste gong mogleg å studera skulefritidspedagogikk i Noreg.

Då kan ein nemleg ta bachelorgrad i skulefritidspedagogikk ved Universitetet i Stavanger (UiS).

Mona Gjøse Skaaren er avdelingsleder ved Jåtten SFO i Stavanger.

I 1993 var Mona Elise Gjøse Skaaren med å starta opp Jåtten SFO i Stavanger. I dag jobbar ho som avdelingsleiar.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Stor interesse for studiet

SFO-leiar Skaaren har saman med UiS, Stavanger kommune og andre SFO-tilsette jobba med å utvikla piloten for den nye graden.

– Studiet er spissa inn mot skulefritidsordninga som fagområde. Det er eit fagområde som ikkje har vorte teke på alvor, seier ho.

Bachelorgraden skal vera nettbasert med eit par samlingar i året, slik at studentar og SFO-tilsette landet rundt kan studera.

Planen er 20–25 studieplassar.

Universitetslektor ved UiS og initiativtakar Svanaug Lunde seier dei har vorte kontakta av folk frå heile landet som vil vita meir.

– Me meiner det er nødvendig med eit slikt tilbod. Evalueringar viser at det er veldig store kvalitetsforskjellar ved SFO-ar, seier ho.

Barne- og ungdomsarbeidar Henrik Bergseth ved Jåtten SFO meiner det er viktig med ei SFO-utdanning.

– Akkurat som innanfor lærarutdanninga, så får du teori du kan knyta til praksis. Det er veldig interessant.

21-åringen fortel at han godt kunne tatt bachelorgraden om han ikkje allereie hadde starta på lærarstudiet.

Henrik Bergseth er barne- og ungdomsarbeider ved Jåtten SFO i Stavanger.

Henrik Bergseth er barne- og ungdomsarbeidar ved Jåtten SFO i Stavanger.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

– Treng eit statusløft

SFO er et tilbod som kommunane er lovpålagt å gje (ekstern lenke). Samtidig er det opp til den enkelte kommune kva krav dei set og kor mykje dei ønsker å satsa på SFO.

Det gjer at det er store kvalitetsforskjellar i dag.

– SFO treng eit statusløft, dei treng at vi satsar på kompetanseheving. Denne grunnutdanninga er ein start, seier Lunde.

Svanaug Lunde er universitetslektor ved Læringsmiljøsenteret, UiS.

– Dette er byrjinga på ein satsing på SFO, seier universitetslektor Svanaug Lunde ved Læringsmiljøsenteret, UiS.

Foto: Marte Skodje / NRK

Ho fortel at høgare utdanningsgrader innanfor skolefritidspedagogikk har vore vanleg i blant anna Sverige i fleire tiår. Noreg heng etter.

Nasjonal satsing

Målet til skolefritidsordninga er å vere noko anna enn skule og barnehage.

I fjor fekk SFO for fyrste gong ein nasjonal rammeplan.

Rammeplanen (ekstern lenke) stiller krav til korleis skolefritidsordninga skal vere, og Lunde meiner at ei SFO-utdanning er eit steg på vegen til å møta krava som denne planen stiller.

Barn ved Jåtten SFO leker ute.

Barn ved Jåtten SFO leikar ute.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Ute har fjerdeklassingane samla seg for å leika. Ellen-Kristine Olsen Hommeland (9) fortel at ho liker syns dagane her er kjekke.

– Eg tykkjer det er veldig fint for det er nesten ikkje arbeid og vi kan nesten gjera kva vi vil.

Lærer du noko på SFO?

– Eg lærer å gje omsorg med andre og sånn, svarer ho.