NRK Meny
Normal

Ulovlege arbeidarar

Igjen har politiet avdekka ulovlege arbeidarar ved Fatland sitt slakteri i Ølen. På ein rutinekontroll oppdaga politiet i Vindafjord sju utanlandske arbeidarar utan opphaldsløyve.

Hausten 2004 arresterte politiet tolv asylsøkjarar utan arbeidsløyve på Fatland slakteri i Ølen.

Politiet kjem til å vurdere om dei skal melde Fatland inn og etterforske hendinga etter helga, seier politioverbetjent Terje Rotvik.