Ho har merka seg at innhaldet i hennar forklaring skiljer seg på vesentlege punkt frå Medhaug si forklaring, seier Salomon.
Valdtekten skal ha skjedd i januar 1993 - eit år etter tok kvinna kontakt med ein kvinneleg sjelesørgar. Denne råda kvinna til å ikkje melda saka til politiet, fordi det kom til å bli for tøft for kvinna. No ber bistandsadvokat Hege Salomon om at denne sjelesørgaren vert avhøyrd av politet. Ho ber og om at to personar i kvinna sin omgangskrets vert avhøyrd.
Saka har fått stor merksemd i media, meir enn kvinna hadde rekna med. Ho vil ikkje stå fram, og både bistandsadvokat og politiet var svært forsiktige med å seia kortid ho skulle forklara seg. Årsaka var at dei frykta at pressefotografar skulle venta på henne. Det slapp kvinna, og det var ho svært glad for, seier Salomon.
Saka vart meld til politiet i romjula, i månadsskiftet april/mai vart Medhaug innkalt til avhøyr, i går ga kvinna sitt tilsvar. Etterforskinga i denne saka har gått seint, meiner Salomon
Det tok og lang tid frå valdtekta skal ha skjedd til kvinna melde saka til politiet, nær ti år.
- I ettertid ser ho at det er svært uheldig at ho ikkje melde saka til politiet på eit tidlegare tidspunkt, seier Salomon.