Hopp til innhold

Lettare å få jobb for unge ufaglærde

Rogaland er eit av fylka i landet der arbeidsløysa hos unge går kraftigast ned. Nå er sjølv dei utan fagutdanning attraktive i arbeidslivet.

Video Lettare for unge å få jobb

VIDEO: Ikkje sidan 2009 har det vore lettare for ungdom å få jobb i Rogaland.

Stian Haga

Stian Haga fullførte ikkje utdanninga si, og har gått lenge arbeidsledig. Nå har han fått jobb og skal ta maskinførarkurs.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Ikkje sidan 2009 har det vore lettare for ungdom å få jobb i Rogaland. Det siste året har arbeidslysa gått ned med heile 26 prosent i aldersgruppa 16–29 år i fylket.

– Blir godt å koma ut i jobb

19-åringen Stian Haga frå Kverneland er ein av fleire unge arbeidsledige som i den seinare tid har gått ut i jobb. Han er framleis under opplæring som anleggsarbeidar hos T. Stangeland Maskin.

– Eg har gått arbeidsledig lenge nå, så eg kjenner at det skal bli godt å få jobba litt. Men eg har framleis mykje å læra, seier 19-åringen som framleis ikkje har fått skitna til arbeidskleda sine.

– Kva er det som er så godt med å koma ut i jobb?

– Det er å få brukt dagane til noko, og få løn, seier Haga.

Berre det siste året er det blitt om lag 550 færre ledige i aldersgruppa 16–29 år. Ikkje sidan 2009 har det vore lettare for ungdom å få jobb i Rogaland.

– Alle bør ta fagbrev

– Den generelle lediggangen har gått ned 24 prosent for alle grupper, så ser me nå at den går sterkare ned for ungdom, og det er ein heilt ny situasjon, seier Truls Nordahl som er direktør i NAV Rogaland.

Stian har ikkje fullført utdanning si, og har dermed ingen formell fagkompetanse. Han veit det kan bli eit problem dersom det på ny blir nedgangstider. Derfor har han alt neste månad meldt seg på kurs:

– Eg skal ta maskinførarkur, slik at eg kan få litt breiare ansvar her ute i grøfta. Då kan eg assistera dei store maskinane og operera dei litt mindre, seier han.

Sjølv om det nå er gode tider på jobbmarknaden er rådet frå NAV til ungdommen klart:

– Bruk tida godt og ikkje berre tenk på å tena pengar, sjølv om eg forstår at det er kjekt. Men tenk litt lenger fram og få deg eit fagbrev.

Han seier også at framtida likevel ser lys ut framover:

– Dersom bygg- og anleggsbransjen held fram med å veksa, og forblir stor og sterk er det moglegheiter for fleire, seier han.