Hopp til innhold

Trafikkulukke ved Ualand

  • Vegen ved Ualand er open

    E39 ved Ualand ved fylkesgrensa mellom Rogaland og Vest-Agder vart opna i 03-tida i natt etter trafikkulukka der ein person omkom. Vegen vart stengt i begge retningar i fleire timar grunna ryddingsarbeid og teknisk politiarbeid.

  • Vegen blir stengt lenge

    Politiet varslar at E39 kjem til å vera stengt lenge ved Ualand etter ei ulukke. Skadeomfanget er framleis ikkje kjent, men politiet opplyser at både dei og ulukkesgruppa til vegvesenet kjem til å jobba på staden utover kvelden.