Hopp til innhold

Ein person er død etter trafikkulukke på E39

Føraren av ein personbil er død etter han kolliderte med ein trailer på E39 ved avkøyrsla til Ualand i Lund kommune. Vegen er vart opna i natt.

Trafikkulukke ved Ualand

Ulukka skjedde på E39 i 20.30-tida like ved avkøyrsla til Ualand i Lund kommune.

Foto: Robert Fagerheim

I 20.30-tida fekk politiet inn melding om ei alvorleg trafikkulukke på E39 ved avkøyrsla til Ualand i Lund kommune. Ein personbil hadde kolliderte med eit vogntog og ein person sat fastklemt i personbilen.

Like etter klokka 22 kunne politiet bekrefta at føraren av personbilen var død, men framleis ikkje identifisert.

Mykje trafikk

Vegen vart stengt i begge retningar i fleire timar grunna ryddingsarbeid og teknisk politiarbeid. Vegen vart opna i 03-tida natt til tysdag.

– Det var ein nokså grei omkøyringsrute der nede, og det vart ikkje veldig mykje trafikk i natt, så det gjekk greitt, seier Kurt Løklingholm, operasjonsleiar ved Sør-Vest politidistrikt.

Ifølgje ein person NRK snakka med på ulukkesstaden måtte alle halda god avstand til vogntoget som var involvert i ulukka grunna farleg last. Brannvesenet skal nå ha gått gjennom fraktbrevet til føraren, og gitt klarsignal til at det ikkje er knytt fare til å taua vekk køyretøyet.

Ualand