Hopp til innhold

Alle leddbussane blir parkert i Stavanger: – Det er kaos

Glatte vegar skapte store problem i Stavanger måndag. Bussar og bilar køyrde seg fast, alle leddbussane måtte parkerast og fleire eksamenar ved UiS blei utsette.

Leddbuss kommer seg ikke opp bakken

Studentar måtte gå til Universitetet etter at leddbussen ikkje kom seg opp ein bakke.

Foto: Lill Kristin Harøy Fenstad / NRK

Snø, sludd og temperaturar rundt null grader skapte kaos i trafikken i Stavanger måndag. Fleire stader var det lange køar, bussar og bilar stod fast og på UiS blei leire eksamenar utsett for at studentane skulle ha sjanse til å rekke dei.

I morgon er det venta same vêrtype.

Store køer ved Motorveien i Schankeholen.

Trafikken står i store område rundt Stavanger sentrum.

Foto: Tipser

– Vêret blir omtrent likt i morgon med snø og sluddbyer, seier statsmeteorolog Ingrid Halland Soldal.

Måndag ettermiddag er det framleis utfordrande køyreforhold særleg i sørfylket, men ikkje like ille som måndag morgon:

– Travelt!

Det svarer sjef for bergingsbilane i Viking redningsteneste, Eivind Våland.

– Nå er det fire timars venting for å få hjelp. Eg har ikkje tid å snakke med deg meir, sa han til NRK måndag morgon.

Politiet fekk også mange telefonar om trafikale utfordringar.

– Vi kan ikkje prioritera å rykka ut, når det skjer så mykje over alt. Det får berre gå seg til og så må me finna oss i litt kaos i dag, seier operasjonsleiar Roger Litlatun.

Busser og biler har kjørt seg fast på glatta i Stavanger mandag morgen.

Bussar og bilar har køyrt seg fast på glatta i Stavanger måndag morgon.

Redningstenesta i kø

I fjor på same dag var det flate batteri som var utfordringa.

– I dag er det utkøyring og bilar som har køyrt seg fast, seier Svein Setrom.

Han er nordisk stasjonsansvarleg for Viking redningsteneste.

Allereie klokka 11.15 hadde dei 72 oppdrag i Stavanger.

– Vi står i kø som alle andre. Dei som hindrar andre blir prioritert, seier Setrom.

– Det skal snø godt fram til seint i ettermiddag, det vil sikkert bli stengde vegar utover ettermiddagen, seier Marianne Hove, trafikkoperatør ved Trafikksentralen.

Ho oppmodar alle til å senke farten og køyre etter forholda.

– Så får vi håpe at ettermiddagsrushet blir betre enn morgonrushet.

Kaos i ullandhaugsbakken.

To leddbussar sperrer vegen i Ullandhaugsbakken. Politi og ambulanse er på utrykking.

Foto: Torkel Schibevaag / NRK

Forsikringsselskapet IF har førebels ikkje oversikt over tal på skademeldingar i trafikken i Stavanger måndag.

Kommunikasjonssjef, Sigmund Clementz, seier at sjølv om det er kaos på vegane i Stavanger i dag, er det sjeldan det blir så mange skader.

– Men det er mange som har behov for veghjelp, seier Kommunikasjonssjef i IF forsikring, Sigmund Clementz.

Alle ledbussane blir parkert

Alle 74 leddbussane på Nord-Jæren blei parkert på grunn av vêrkaoset.

– Det er jo litt kaos. Bussane står langs vegane og det er ikkje noko vits å senda ut andre bussar, seier Stein Enersgård, trafikksjef hos Connect Bus, som driftar bussane for Kolumbus.

Det var leddbussane det gjekk hardast utover i trafikken i morgontimane. Dei kom seg ikkje opp bakkar og fleire passasjerar måtte ta beina fatt til jobb.

– Eg har aldri opplevd liknande, seier Enersgård.

Andrei Portak

Bussjåfør Andrei Portak står fast for tredje gong måndag morgon. Han fekk til slutt hjelp av ein privatperson som taua han opp bakken.

Gikk over bru

Om morgonen sat trafikken på Hafrsfjord bru heilt stille. Dei som skulle av på neste stopp vart sleppt ut på brua, og måtte gå over utan fotgjengarfelt.

Buss kjem seg ikkje opp Ullandhaugsbakken

Denne bussen kjem seg ikkej opp Ullandhaugsbakken i Stavanger. Til slutt måtte den rygge ned og snu.

Foto: Simon Elias Bogen / NRK
Full stans inn mot Jåttåvågen i Stavanger

Full stans i trafikken inn mot Jåttåvågen i Stavanger.

Foto: Tipser
Glatt og snøvær på Ullandhaug i Stavanger

Bil køyrdee ut av vegen i en rundkjøring på Ullandhaug i Stavanger.

Foto: Tipser
Buss står fast i krysset mellom Revheimsveien og Regimentveien i Stavanger

Denne bussen står fast i krysset mellom Revheimsveien og Regimentveien i Stavanger.

Kaos i Tastamyrveien i Stavanger

Kaos i Tastamyrveien i Stavanger.

Kø på grunn av bil som står fast i bunnen av Eskelandsbakken på Tasta.

Kø på grunn av bil som står fast i bunnen av Eskelandsbakken på Tasta.

Dette er den fjerde bussen som på kort tid har stoppet i bakken ned til Amfi Madla i Stavanger.

Dette er den fjerde bussen som på kort tid har stoppa i bakken ned til Amfi Madla i Stavanger. Bussen sperrar heile vegen.

Buss står i veien på Gosen i Stavanger

Buss står i vegen på Gosen i Stavanger.

I ettermiddag var leddbussane i drift igjen.

Alt brøytemannskap ute

Rolf Stian Lilledal er brøytesjef i Stavanger. Han seier brøytemannskapa ikkje får gjort jobben dei skal.

– Vi har alt mannskap ute og vi prøver å køyre dei smartaste vegane.
Vi når ikkje fram over alt, for det er så mykje trafikk rundt forbi.

Han seier trafikantar får lov til å tenka sjølve i dag og ta dei smartaste rutene.

– Vi oppmodar folk å reise kollektivt. Jo mindre køyretøy på vegane jo raskare kan mannskapet komma ut og brøyta og salta, seier Lilledal.

Trafikkaos Stavanger

Denne bussen forsøkte å komma seg opp bakken i over 40 minutt. Medan bussen stod fast sperra han også ein innkøyrsel til vegen.

Foto: Simon Elias BogeN / NRK

Kaotisk

Ved Gosen venta Martin Marcella på bussen til Forus i over ein time då han skulle på jobb måndag morgon.

– Det er skuffande at det tar så lang tid, eg har aldri opplevd liknande, seier Marcella.

Fleire bussar køyrde seg fast og enkelte snudde.

Mens andre gav ei hjelpande hand der det trengtes.

Brannkonstabel Eirik Borgersen måtte ut og dytta bilar som hadde sett seg fast i den svært glatte Ullandhaugsbakken i Stavanger.

Eirik Borgersen

Eirik Borgersen var med å hjelpe sju bilar med å koma seg opp den glatte Ullandhaugsbakken.

Foto: Simon Elias Bogen / NRK

– Det var ganske kaotisk. Så det var berre å byrja å dytta på bilar. Eg er på den sjuande bilen i bakken her nå, seier han og legg til:

– Eg har ikkje opplevd liknande forhold i Stavanger tidlegare, seier Borgersen som jobbar i brannvesenet.

Borgersen er ikkje den einaste som ikkje hadde opplevd maken.

Julie Mordvinova Gilje venta 25 minutt på ein buss som sperra vegen framfor bilen hennar.

– Han var uheldig, men bussen kunne kanskje ha stoppa i busslomma i staden for rett framfor avkøyrselen her.

Ho har aldri opplevd Stavanger så glatt som i dag.

– Det går ikkje spesielt godt

Kollektivselskapet Kolumbus bekreftar at bussane slit på det krevjande føret.

– Det går ikkje spesielt godt. Det er diverre forseinkingar over stort sett heile linja. Når trafikken står, står bussen òg, seier kommunikasjonsrådgivar Morten Nesvik.

Han seier Kolumbus ikkje føresåg at vêret skulle skape såpass store problem.

– Det aller luraste er å bruka appen vår og følge med på bussen og kor den er, seier Nesvik.

Folk dytter bil i Ullandhaugsbakken

Folk dyttar ein bil opp Ullandhaugsbakken.

Foto: Simon Elias Bogen / NRK

Utsette eksamen med ein halv time

Universitetet i Stavanger (UiS) utsette fleire eksamenar måndag med ein halv time.

NRK meldte først at eksamen blei avlyst. Dette stemmer ikkje.

– Heldigvis er eg ein stressa person og reiste to timar før eksamensstart. Eg brukte 40 minutt på ein fire minutts strekning. Det er heilt kaos, seier studenten Eirin Syrstad.

Fleire elevar hadde problem med å rekka eksamen på grunn av trafikkaoset.

Tjodhallen

Eksamenslokale på Tjodhallen ved UiS.

Foto: Philip Kollstrøm / NRK

– Dei som ikkje har greidd å nå fram til klokka 09.30 på grunn av vêret, vil få innvilga gyldig fråvær og må søke om dette i digital studentekspedisjon innan fem dagar, skriv UiS i ei pressemelding.

– Dei vil då få høve til å ta eksamen på eit seinare tidspunkt. Fakulteta vil kontakte dei det gjeld med tidspunkt for ny eksamen når det er klart.

Eksamenslokale uten elever

Få minutt før eksamen eigentleg skulle starte var mange pultar tomme.

Foto: Privat

Flytrafikken går som normalt

NRK har vore i kontakt med lufthamnsjef Annette Sigmundstad som melder at det ikkje er store trafikale utfordringar på Stavanger lufthavn Sola.

Men brøyting av rullebanen vil gi nokre forseinkingar utover dagen.

Les også Slik kan du tipse NRK Rogaland

NRK Rogaland sin valturné 2023. Ole Andreas Bø, Mari Friestad og Øystein Ellingsen

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg