Hopp til innhold

Torfinn eig nesten alle julehefta som nokosinne er utgitt i Noreg

I nesten 150 år har nordmenn handla julehefte. Torfinn Jåsund har huset fullt. Men han skal ikkje nødvendigvis lese dei.

– Eg har rundt 1400 julehefte frå 20-talet og fram til i dag, fortel Torfinn Jåsund.

– Og kor mange av desse har du lese?

– Kanskje 100? smiler han.

Heime i Stavanger er hyllene fulle av teikneseriar og bøker.

Det starta med at han som liten las Donald Duck-blad. Så byrja han å samla og oppdaga juleheftene til Disney og Knoll og Tott.

Og nå har han den største samlinga av julehefte i Noreg.

– Det vaks ut av ei teikneserieinteresse frå barnsbein av, seier han.

Totalt eig han 50.000 teikneseriar. Og nå før jul sper han på med fleire julehefte.

Men Jåsund er ikkje den einaste som må ha julehefte til jul.

Selde over ein million hefte

Juleheftetradisjonen i Noreg strekk seg nesten 150 år tilbake i tid, men det første reine teikneserieheftet kom i handel før jul i 1911.

Julehefte i Noreg har blitt selt i 1,2 millionar eksemplar på det meste.

– Vi har ein ganske heftig juleheftetradisjon i Noreg. Dei har julehefte i Sverige og Danmark og, men berre nokre få titlar, seier Jåsund.

Forlaget Egmont, som gir ut om lag 70 prosent av julehefta i Noreg, reknar med at det vil bli selt mellom 800.000 og 850.000 julehefte i år.

– Det er ein slags institusjon i mange heimar. Det må vere på plass, seier Jåsund.

Julehefter på Narvesen

Silje Pettersen Holand sel mange julehefte i desember.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Det har dei også merka på Narvesen.

– Vi har ganske mange kundar som seier: bank i bordet, julehefte skal eg ha til jul, fortel Silje Pettersen Holand på Narvesen i Stavanger.

Geir Thomas Risåsen

Konservator på Norsk Folkemuseum, Geir Thomas Risåsen.

Foto: Norsk Folkemuseum

At folk kjøper julehefte både overraskar og gler konservator på Norsk Folkemuseum, Geir Thomas Risåsen.

– Eg trur det har noko med nostalgi å gjere. Også er det lettlese og hyggeleg, seier han.

Kjøparen er 50 pluss

Men butikksjefen på Narvesen i Stavanger, Rolf Endsjø, merkar at færre kjøper enn før. Juleheftesalet til nå i år, samanlikna med i fjor, ligg mellom 30 og 40 prosent lågare hos dei, anslår han.

Ei marknadsundersøking Egmont gjorde tidlegare i år, viste at den typisk norske juleheftekjøparen er over 50 år. Og 40 prosent av julehefta blir gitt som gåver.

52-år gamle Torfinn Jåsund trur juleheftetradisjonen står støtt også i framtida.

– Den tradisjonen er så innarbeida at det tek lang tid før den forsvinn, seier han.

Sjølv har han handla inn eit utval julehefte også i år.

– Nå skal eg heim og registrere dei og lese litt.

– Men du skal ikkje lese alle?

– Nei, eg rekk nok ikkje det.

Torfinn Jåsund ved PC-en

Torfinn Jåsund har system i samlinga si. Alle eksemplar har fått si eiga rad i Excel.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK