Hopp til innhold

Førebur seg til OL på kopi-bane

Etter den olympiske BMX-banen blei offentleggjort har det blitt bygd fleire replika-banar. Det norske OL-håpet, Tore Navrestad, har sikra seg viktige treningstimar på ein av dei.

Tore Navrestad

SATSAR PÅ TOPP-16: Tore Navrestad (20) er den einaste norske deltakaren i superkross under OL i Rio. Han har ambisjonar om å koma seg til semifinalen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Me har vore nede i Nederland og køyrd på «Rio-banen» der. Det var veldig bra, og det er ein kul bane, seier Tore Navrestad, som på torsdag reiser til Rio for å representera Norge i OL-greina BMX-sykling.

Banen han har trent på er ein av mange som blei bygd opp etter at BMX-banen som skal brukast under OL blei kjent.

– Banane er bygde opp som reine kopiar, med dei same svingane og hoppa. Det blir likevel ikkje heilt likt, for ein centimeter her og ein centimeter der kan bety ganske mykje. Derfor blir det ein viss forskjell når me kjem til Rio, seier han.

BMX-banen i

Då OL-arrangøren la ut dette bilete av den 400 meter lange BMX-banen som skal brukast i Rio, starta arbeidet med å laga kopibanar.

Foto: Skjermdump

– Kan gå langt

20-åringen, som dagleg syklar for Sviland BMX i Sandnes, er den einaste norske deltakaren i BMX, som er OL-grein for tredje gong. Han seier at forma aldri har vore betre enn den er nå.

– Målet mitt er å nå semifinalen og dermed bli blant dei seksten beste. Klarer eg det så er eg nøgd.

Han understrekar likevel at BMX er ei sportsgrein der alt kan skje.

– Eg har vore i ein verdscup-finale tidlegare i år. Noko som ingen trudde kunne skje, inkludert meg sjølv. Så med litt flaks så kan det gå lengre enn ein semifinale også, seier Navrestad.

Tore Navrestad på BMX-sykkelen

Tore Navrestad (20) syklar for Sviland BMX.

Foto: Privat

– Folk er sikkert villige til å døy for Rio-OL

Med ein start i ein åtte meters krapp nedover bakke, der syklistane går frå 0 til 60 kilometer i timen på to sekund, er ikkje BMX ein idrett som er fri for knall og fall. Og Navrestad trur det kan gå heitt føre seg når alle deltakarane har spissa forma sin mot OL.

– Me såg video frå OL i 2012, då falt nesten alle i det første heatet. Så det kan bli farleg. Folk er sikkert villige til å døy for Rio-OL, seier han og ler.

Han legg til at det nesten betyr alt å få ein god start, og at dette derfor blir avgjerande for utfallet.

– Klarer du å koma først inn i første sving, så er det nesten garantert at du ikkje taper, seier han.

For dei som vil følgja Tore Navrestad i OL så er det 17. 18. og 19. august det er BMX på programmet.