Slår hardt ut i Rogaland
28 prosent av alle veksthusa i Noreg ligg i Rogaland, 85 prosent av alle tomatane vert dyrka her. Derfor slår transportstreiken hardt ut for gartnarane i Rogaland.
Tapar kr. 70.000 kvar veke
Normalt leverer gartnaren heile tomatavlinga til Norgesfrukt. No blir alt plassert på lager, inntil vidare. Om ikkje streiken snart er over taper han store summar kvar veke. - Eg tapar kr. 70.000 kvar veke streiken varer, seier gartnar Kjell Rune Helgøy.
Og dette tapet må kvar enkelt gartnar bera sjølv. I tillegg risikerer dei å få dårlegare betalt når streiken er over, fordi det står store kvanta på lager.
No vil gartnarforbundet ha oversikt over kor mykje streiken kostar gartnarane, og ber dei føra lagerstatistikk.