Hopp til innhold

Atle skulle berre «halde sin plass i køen». Då han gav gass, trefte MC-en autovernet

I heile fjor mista 15 personar livet med MC på norske vegar. Så langt i år har det gått tolv liv. Atle Christensen kunne vore ein del av statistikken i 2015.

Atle Christensen

Atle Christensen (65) blei lam frå livet og ned i ei MC-ulukke i 2015. Det har gjort at han må ha fleire hjelpemiddel i kvardagen.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Det var tidleg på morgonen og fuktig på asfalten. Det viste seg at det at det var nylagt asfalt. Så då eg gav gass, fór eg rett i autovernet, seier Atle Christensen (65).

I dag er han lam frå navlen og ned. Det har han vore sidan 2015.

Så langt i år har tolv personar mista livet i MC-ulukker, ein av dei på moped, ifølgje Trygg Trafikk.

Bård Morten Johansen i Trygg Trafikk

Bård Morten Johansen i Trygg Trafikk.

Foto: Trygg Trafikk

I heile fjor var det 15 personar som mista livet med MC på norske vegar, ifølgje SSB (sjå linjediagram).

– Vi har generelt hatt ein frykteleg start på året når det gjeld drepne på norske vegar, og motorsyklistane er diverre ein del av auka, seier seniorrådgjevar i Trygg Trafikk, Bård Morten Johansen.

Kunne berre røre hovudet

Den gongen Christensen ikkje døydde, men blei alvorleg kvesta, var han på veg til jobb på Stord.

– Eg låg i 60 kilometer i timen. Så kom eit 80-skilt, og då gav bilane framfor meg på. Det ville eg også gjere, for å halde min plass i køen, hugsar han.

Han hugsar at han etterpå prøvde å ta av seg hjelmen, men ikkje fekk det til. Ambulansepersonellet spurde om han kunne røre på kroppen.

– Men det klarte eg jo ikkje. Berre på hovudet, seier han.

Han blei frakta til sjukehuset i Haugesund. Etterpå til Haukeland i Bergen.

Christensen var 57 år då dette skjedde. Då han omsider kom tilbake til Hinna i Stavanger, måtte han bygge om huset. Nå har han heis.

– Eg brakk ryggen og begge beina, armar og fingrar. Ryggen var jo det verste, for eg har blitt lam frå navlen og ned.

Tok du lappen før 2000-talet?

Det Christensen ikkje visste for sju år sidan, er at han med sine då 57 år som MC-førar var blant dei som hadde størst sjanse for å bli livstruande skadd.

Om lag 40 prosent av alle MC-dødsfall har skjedd i aldersgruppa mellom 45 og 64 år.

– Midt på 2000-talet fekk vi ny føraropplæring i Noreg. Mange MC-førarar fekk førarkort før den kom i gang. Dei som ikkje har køyrd på nokre år, bør kontakte profesjonelle aktørar for råd og rettleiing, oppfordrar Johansen i Trygg Trafikk.

Kjetil Fuhr

Kjetil Fuhr har om lag 60 motorsyklar. Han har ikkje sloppe unna uhell, og anbefaler å trene litt før kvar sesong startar.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Kjetil Fuhr på Klepp stasjon på Jæren har om lag 60 motorsyklar. Han har køyrt MC i over 40 år, og veit at det er ei ferdigheit som må haldast i hevd.

– For å kunne beherske ein plutseleg situasjon i trafikkbildet, må vi gjerne ha trent på det. Og jo meir ein trenar, jo betre blir ein, seier han.

Hans beste råd er å køyre nokre rundar på ein avstengd plass før vårsesongen byrjar. Men heller ikkje han har sloppe unna uhell.

– Men eg var heldig. Eg kunne gå derifrå. Det er ikkje alle som kan det, dessverre.

Fleire på vegane etter to år pandemi

Politibetjent ved Trafikkseksjonen på Stavanger politistasjon, Aleksander Naley, ser ikkje openberre svar.

– Eg skulle gjerne hatt fasiten. Ei mogleg forklaring er at det er fleire på vegane etter to år med pandemi, og at dei gjerne tar seg litt ut, seier han.

Aleksander Naley

Politibetjenten ved Trafikkseksjonen i Stavanger skulle gjerne visst kvifor det skjer såpass mange MC-ulukker akkurat i år. At fleire er på vegane, kan vere ei forklaring, ifølgje han.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Atle Christensen har nettopp fylt 65 år. Han er delvis tilbake i jobb og har fått orden på mykje av det praktiske med hus og bil.

– Eg har slått meg til ro med det som skjedde. Slik blei det. Det er ikkje noko anna å gjere enn å prøve å sjå litt framover, seier han.