Til nyttår mister 21 personar arbeidet når Berendsen flyttar vaskeriet sitt til Sandnes.
Lyspunktet er den nyetablerte nummeropplysninga 1888.
I dag har den nyetablerte verksemda 16 tilsette i Sokndal.
Arbeidsplassane er kjærkomne for ein kommune der bedrifter må seie opp folk og fleire arbeidsplassar er trua.
I følgje dagleg leiar Steinar Kolnes treng nummeropplysninga nye folk i løpet av dei første månadene.