Hopp til innhold

Lettare skadd etter trafikkulykke i Tananger

To menn er frakta med ambulanse til sjukehuset etter at ein bil køyrde av vegen i Tananger.

To personer er skadet i en ulykke på Tanangevegen.

Bilen trefte eit tre, etter at den hadde køyrd av vegen. Foto: Lars Navestad/NRK

– Bilen køyrde av vegen. Trefte ein haug med pukk, blei slengt over to kampesteinar, trefte eit tre to- tre meter over bakken og hamna i eit steingjerde som totalvrak, fortel innsatsleiar på staden, Egdar Opsal.

Ulykka skjedde på Tanangervegen i Tananger, rett før klokka eitt.

To menn fødd i 1997 og 1996 sat i bilen då ulykka skjedde, dei er begge frakta med ambulanse til Stavanger universitetssjukehus. Dei er begge lettare skadd.

– Dei var medvitne då naudetatane kom til staden, seier operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Karstein Tendenes.

Årsaka til ulykka er ikkje kjent. Men det kan tyde på at dei heldt høg fart. Det var 60-sone i området.

– Politiet er framleis på staden, og jobbar no med å avhøyre vitne, seier Tendenes.

Ulykke i Tanander

Det var store materielle skadar på bilen som køyrde av vegen i Tananger.

Foto: Lars Navestad / NRK

Flere nyheter fra Rogaland