Tidlegare i dag blei ein tilsett på flyplassen arrestert med eit kilo hasj på seg. Ein reisande skal ha lagt stoffet frå seg på flyet, der den flyplasstilsette henta det.
Politiet har i samband med saka i dag ransaka to hus i Stavanger-distriktet og beslaglagt mindre mengder hasj. Ein mann og ei kvinne er tatt inn til avhør, seier politiførstebetjent Karl Petter Endresen.
Den flyplasstilsette er no varetektsfengsla i fire veker.
Ein narkotikahund markerte på den reisande, men mannen hadde ikkje narkotika på seg. Då undersøkte tollvesenet dei som hadde jobba med flyet og fann eit kilo hasj på ein av dei.
Dei to blir framstilte for varetektsfengsling i dag.