Hopp til innhold

To mistenkt for mishandling av svaner – ingen er arrestert

Etter fleire tips har politiet to mistenkte for mishandlinga av svaner i Stavanger, men ingen er arrestert.

Mishandling av svanar i Stavanger sentrum

Politiet skal mellom anna på bakgrunn av video av hendinga no ha to mistenkte i saka. Video med løyve frå Rasisme i Norge.

Foto: NRK-tipser

Onsdag kveld skal to menn ha gått laus på fleire svaner midt i Stavanger sentrum. Dyrebeskyttelsen kallar det heile grufullt.

Politiet mistenkjer no to menn for å stå bak, men har enno ikkje arrestert nokon.

Etter NRK skreiv om saka og synte videoen av det som hende, fekk politiet inn fleire tips.

Politiet skal mellom anna på bakgrunn av video av hendinga no ha to mistenkte i saka. Video med løyve frå Rasisme i Norge.

– Politiet har fått inn ei rekke tips, og det er vi veldig takksame for. Tipsa har leia fram til to personar som no er mistenkte i saka, seier jourhavande jurist i Sør-Vest politidistrikt Sveinung Andersen til NRK.

– Mennene er mistenkte, men ikkje arresterte – kvifor ikkje?

– Om vi vel å arrestere eller ikkje, er det ei vurdering av om det er akutt gjentakingsfare eller fare for at bevis vert øydelagt. Det trur vi ikkje det er i denne saka her, seier Andersen.

Politiet skal i går ha avhøyrd ein person som var vitne til hendinga, og jobbar vidare med etterforskinga.

Dei to mennene skal etter planen avhøyrast i løpet av helga.

Les også Politiet etterforsker brutal svane-mishandling

Kan gje fengselsstraff

– Vald, uansett kva form den tek, er uakseptabel, både mot dyr og menneske. Det er viktig for politiet å oppklare alle typar valdssaker, seier Andersen.

Om mennene vert dømt etter Dyrevelferdslova kan det innebere bøter og inntil eitt års fengsel. Grove brott kan straffast med inntil tre års fengsel.

Politiadvokat Sveinung A. Andersen - PK Haugesund politistasjon

– Dette er åtferd som er heilt uakseptabel, seier Sveinung Andersen. Biletet er teke ved eit anna høve.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– Men so må jo den nærare etterforskinga og påtalevurderinga i denne saka konkret bestemme kva slags straffepåstand påtalemyndigheita meiner bør vere gjeldande i denne saka, seier Andersen.

Trur svanene har greidd seg

Viltvakt i Stavanger kommune Arild Primstad seier han trur svanene har greidd seg.

Han har vore på sjekkrunde der videoen av hendinga vart teken.

– Vi ser på korleis dei oppfører seg og om dei ser friske ut. Dei kan fint klare seg sjølv om dei haltar litt. Det er om vi ser at dei har det vondt og at dei lir, at vi tek dei med oss, seier Primstad.

Viltvakten Arild Primstad i Stavanger kommune

Arild Primstad seier dei vil følgje godt med på svanene kring Breiavatnet dei komande dagane.

Foto: Cathrine Oftedahl / NRK

Han har ikkje funnen nokon alvorleg skadde dyr kring Breiavatnet i sentrum, der videoen vart teken.

– Vi får gjerne tips om skadde svaner kvar fjortande dag, kanskje. Men no når det har vore so mange måseungar har det vore ganske mykje av det i det siste, seier Primstad.

Han seier likevel at dei vil følgje ekstra godt med på svanene i området dei neste dagane.

– Kor ofte er det menneske involvert i desse skadane?

– Veldig sjeldan, seier viltvakta.

Håpar på straff

– Det er grufullt at folk gjer slikt mot ville dyr. Eg har ikkje ord.

Det sa leiar av Dyrebeskyttelsen i Noreg, Åshild Roaset, til NRK då videoen vart offentleg.

Organisasjonen var blant dei som melde saka til politiet.

– Eg håpar desse personane vert straffefølgd og stansa, sa Roaldset.

Ho fortel at Dyrebeskyttelsen har fått fleire videoar i det siste av folk som mishandlar dyr.

Åshild Roaldset

Åshild Roaldset seier Dyrebeskyttelsen har fått fleire liknande videoar den siste tida.

Foto: Bjørne Østrem Djukastein / NRK

Seier lite om dei mistenkte

Politiet vil ikkje gå ut med meir informasjon om dei mistenkte enn at dei er menn. Dei vil heller ikkje sei mennene er kjende av politiet frå før eller kva alder dei er i.

– Her hadde vi heldigvis video av denne hendinga, og då vart identifiseringa av gjerningsmennene noko enklare. So vil den vidare etterforskinga avdekke om dette er riktige personar.

– So får etterforskinga vidare avdekke om dei kan straffast for dette eller ikkje, avsluttar juristen.