Hopp til innhold

To menn sikta for valdtekt

To menn er sikta for valdtekt av ei kvinne i austre bydel i Stavanger, opplyser politiet til NRK.

Austre bydel, Stavanger

Dei to blei arresterte i ein leilegheit i dag på bakgrunn av opplysningar frå den fornærma kvinna. Det var kvinna sjølv som melde frå til politiet.

Den melde valdtekta skjedde innandørs i ein leilegheit på Storhaug i samband med eit nachspiel natt til i dag, opplyser politiet.

– Dei to mennene er fengsla fordi me meiner det er fare for at bevis kan gå tapt. Det er ikkje ei overfallsvaldtekt, opplyser jourhavande politijurist Ketil Remman i Rogaland politidistrikt, til NRK.

Blir tatt hand om

Dei to sikta mennene er norske statsborgarar av utanlandsk opphav. Den eine er i 30-åra, den andre i 50-åra.

Kvinna, som er i 40-åra, er også norsk statsborgar av utanlandsk opphav.

– Ho blir tatt hand om av helsepersonell og undersøkt ved valdtektsmottaket ved Stavanger universitetssjukehus, seier Remman.

Truleg avhøyrde i morgon

Han seier politiet arbeider med å sikra bevis på staden. Dei to sikta mennene er ikkje avhøyrde, men blir truleg det i morgon føremiddag.

– Me har eit visst bilete av kva som har skjedd, seier Remman.

Politiet vurderer òg om det er grunnlag for å be om varetektsfengsling.