Hopp til innhold

To fekk hovudskadar i båtulukke

Ein fritidsbåt køyrde på ei bøye i Åmøyfjorden utanfor Stavanger i natt. To av dei som var om bord måtte fraktast til traumemottaket på sjukehuset etter samanstøyten.

Redningsbåt og ambulanse på kaien i Stavanger

Dei to skadde blir overført frå redningsbåten til ambulanse på kaien i Stavanger.

Foto: Heidi Karin Gilje Skog

Klokka 02.11, natt til søndag, fekk politiet melding om at ein fritidsbåt hadde kollidert med ein gjenstand i Åmøyfjorden. Truleg dreier det seg om ei stor flytande bøye.

Det var tre menn i 30-åra om bord, føraren av båten og to passasjerar. Samanstøyten var så hard at begge dei to passasjerane fekk hovudskadar.

Brannvesenet sørga for å frakta ulukkesbåten til Stavanger

Brannvesenet sørga for å få frakta fritidsbåten til Stavanger etter ulukka.

Foto: Heidi Karin Gilje Skog

Dei to blei frakta til land og deretter sendt med ambulanse til traumemottaket på Stavanger universitetssjukehus.

– Det er foreløpig ikkje kjent kor alvorleg skada dei er, men politiet har ikkje fått melding om at det er livstruande, opplyser operasjonsleiar John Ask.

Alle dei tre kjem frå stavangerdistriktet.

Ulukke skjedde i Åmøyfjorden i nærleiken av Kjeøy i Rennesøy kommune.

Politiet tok blodprøve

Båtføraren er avhøyrt, og politiet har tatt blodprøve av han.

Hovudredningssentralen leia redningsarbeidet og brannvesenet sørga for å få fritidsbåten til Stavanger.